søndag 30. desember 2007

Opptelling av garnlageret

Det er vel tid for å sjå både fram og tilbake ved årsskifte. Så eg har rydda litt i garnet mitt. Det har blitt meir av det sidan eg vart hekta på www.forum.hobbyboden.com i januar 2007. Eg veit ikkje kor mykje garn eg hadde då, og noko har eg jo brukt i løpet av året! Men no har eg lagt inn ei oversikt på www.ravelry.com.





Eg har funne ut at eg har 3270 gram garn. Det er veldig lite i forhold til dei meir ekstreme på hobbyboden. Men det er ganske mange nøster garn likevel! Så eg må nok berre stå på!
No skal eg strikke ferdig eit par små tjukkelestar til prinsessa medan eg lurer på kva neste prosjekt skal bli:)

I have counted and sorted my yarn, and the conclusion is that I really don`t need to buy anything for a while. But I refuse to make any promises, I know my weakness when I see nice yarn...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ønsker deg og dine et riktig Godt Nyttår.
~Ronille~

Anonym sa...

Jula svarte til forventningane, ja ;) Hadde ei flott julefeiring på Møre.
Godt nyttår til deg dine :)

Helsing Bodil.