fredag 18. januar 2008

Hemmeleg venn-gåve!


Sjå, kor herleg! Eg har fått ein super pakke frå min hemmelige venn i hobbyboden! Det er den mest innhaldsrike pakken eg har fått, trur eg. Eg må legge ut mange bilde for å få presentert alt skikkeleg...
Eg har fått to posar KoolAid, heimelaga strykemerke til tøy, ein lavendelpose som ho også har laga sjølv. Og 4 nøster ullgarn som eg aldri har prøvd før, i turkis og kvitt.

Her er det også to babyknappar, med stork og heile pakka:)
To lekre hårstrikk med fjør og glitter, prinsessa elskar dei alt!

Som om ikkje det var nok: To oppskrifter, ei på babyjakke og ei på tova vesker.

Men eg klarer ikkje å finne ut kven avsendar er! Eg fekk nokre hint, mellom anna skal ho snart bli bestemor. Og så har ho vore på besøk på bloggen min. Men no har eg leita og leita, og har ikkje funne deg... Jaja, det kjem for ein dag etterkvart! TUSEN TAKK!!

SISTE NYTT: Eg fann deg! Babsy, då eg først kom inn på bloggen din var det jo lett:) Så kjekt å vite kven du er, da!

This fantastic gift is from my secret friend in the Norwegian "Hobbyboden". I love it, and I am impressed;)

1 kommentar:

Anonym sa...

Tusen takk for hemmeligvenn gaven jeg fikk, en skikkelig flott gave det også. Tror jeg vet hvem som er din hemmelige venn - men sier jeg det nei. Jeg bare vet at jeg har ho på linklista mi.
Klem fra ei fornøyd Netta.