torsdag 10. januar 2008

Nyttårsforsett

No har eg kome på eit nyttårsforsett. Det skulle eg sikkert ha gjort før, men det må nok til!

Eg er nemlig glad i å ta bilde av mine søte små, og det gjer eg titt og ofte. Men eg likar også å ha bilda i album... Men ikkje å lime dei inn!!

I alle fall ikkje når det er snakk om 600 bilde, frå 4 mnd... Rett nok eit par store selskap og ein ferietur til Tyrkia, men likevel!?

Så her kjem nyttårsforsettet mitt: Ta masse bilde framleis, men vere kritisk til kor mange eg får framkalla, og ikkje minst: Framkalle dei litt oftare!

No har eg brukt mange kveldar på å lime inn, og er rett og slett lei;)


A little bored of my photo albums, I take so many pictures of my lovely family and I find scrapping too much trouble. So now I will try to take it in smaller portions:)

Ingen kommentarer: