tirsdag 29. januar 2008

Treng dei sååå mange luer?

Eg har ei jente som er veldig glad i å pynte seg med luer og skjerf, både sine og storesøstera sine:)

Så i dag var det ei skuffe som var tømt utover igjen, og eg var i ferd med å stappe alt tilbake på plass for ørtende gong. Plutseleg slo det meg at eg skulle telle kva dei har... No angrar eg nesten!

Minstejenta er jo berre knapt 16 mnd, så ho har ikkje store behova. Ho har 9 luer i korga si. Eg kan ikkje garantere at alle er på plassen sin der, så kanskje er det reelle talet litt høgare?

Storesøster er snart 5 år, og ho har ved denne opptellinga 14 luer i ymse variantar, 5 panneband og 7 par tjukkelestar i skuffa si. Heller ikkje her kan eg rekne med at alt er på plassen sin, det er faktisk ganske sannsynleg at noko har enda i skapet på gangen eller i reservekorga i barnehagen...

Så min neste plan bør kanskje vere å strikke noko anna enn luer?? Eller så kan eg strikke luer til mennene i huset, dei har ikkje slett så mange.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hehe, ja av og til....jeg hadde litt samme opplevelse når jeg telte over strikkejakkene mine sist....hmmm.....for jeg har liksom ingen å gi dem bort til...

men luene dine er supre da:-D og mye annet fint her også!