tirsdag 22. januar 2008

Vottar for lokalpatriotar:)


Her i kommunen har vi fått ny logo;) Det skal heretter vere samme profilering av alt som vert levert ut frå kommunen, i alle fall alle dokument og websida og denslags. På teknisk etat har vi ei dame som likar små utfordringar i kvardagen, så ho har rett og slett designa eit par vottar med samme logo. Eg har ikkje hatt veldig lyst til å strikke dei, men det er andre som har ymta frampå (Jamfør skravlebrettet mitt...)

Så i dag tok eg rett og slett eit bilete av dei vottane som mor til designaren har strikka. Desse vottane er utstilte på servicetorget, og der kan alle som vil få eit mønster! Det skal gå an å laste dei ned på websida også, men eg ser at det er litt tekniske problem der i dag.
Eg reknar ikkje med at det er veldig relevant for andre enn dei som høyrer heime i den vene kommunen vår likevel...

5 kommentarer:

Milla sa...

Så flotte votter då! Herlig bilde av pus som jakter på mat... hehe... Takk for hilsenen i bloggen min. Ha ein fortsatt flott veke.

Renate sa...

Ej tru ej må ha disse hære ej asso!
Kjekt å ha veit du :)
I april verte det Bergans Hareid fleecejakke på mej. Gull!

Renate sa...

Ej tru ej hadde likt dei litt bedre om det berre hadde vore en farge på dissa "bilda" heilt på tuppen....Synspunkt?

Anlen sa...

Enig med du, Renate;)

Men det er slik logoen til kommunen er, så det er vel derfor... Eg syns dei felta ser litt malplasserte ut. Eg har vurdert om eg skulle lage dei som pulsvarmarar, så kunne eg kutte før problemet oppstår!!

Ida E sa...

Takk for tipset. "Svigerfar" fyller 70 og bor på Hareid.