onsdag 13. februar 2008

1-årsjubileum!

I dag skulle eg ha feira med kake og brus:) I staden vert det feiring med strikkepinnane... Det er 1 år sidan eg meldte med inn i hobbyboden, og det er vel verdt ei lita markering.

Det er hobbyboden som har inspirert meg til å lage blogg, og eg har strikka veldig mykje rart det siste året. I tillegg har eg prøvd å hekle, til farmors store overraskelse.

Kva meir? Kanskje det viktigaste er alle timane eg har kosa meg over å lese og svare på meldingane frå alle dei mest kreative hobbydamene i landet. Og så alle dei fine bloggane eg har besøkt!!

Det fyrste året er omme, men det vert ikkje det siste!

Ingen kommentarer: