lørdag 2. februar 2008

Garnfarging er morsomt!


I Hemmeleg venn-gåve frå Babsy fekk eg mellom anna 2 pakkar med Kool-Aid, som er velegna til farging av garn. Så eg måtte berre prøve;) Eg brukte mikroen. Vått garn, utblanda fargestoff hellast over, 2 minutt i mikroen i tre omgongar, litt pause mellom kva omgong. Skyll forsiktig, tørk, strikk.
Dei to kvite nøsta med Safir er ikkje kvite lenger. På bildet har dei også vorte pynta med perlekjedet til prinsessa...

Fargane vart nydelige, men eg veit ikkje kva dei skal bli enno. (Kanskje ikkje luer, tatt i betraktning forrige innlegg)

Ingen kommentarer: