mandag 18. februar 2008

Hemmeleg venn-gåve i februar


Her er min herlege pakke frå ein nær nabo:) I alle fall frå ei naboøy... Eg er ikkje sikker på kva øy eg skal leite på....

I pakken fann eg to mørk koksgrå nøster med Toppull, eit garn eg ikkje har prøvd før:) Og gode, gammaldagse smørmaltdrops, nam! Det beste av alt var likevel ein nydeleg sydd "pose" fylt med god te og kaffepose! Snakk om å treffe blink;)

Eg er ikkje sikker, men lurer på om eg skal til Herøy for å finne min Hemmelege venn...? Uansett kven du er: Tusen takk!!

Ingen kommentarer: