mandag 25. februar 2008

Sjå, for ein fin gåve!


Eg har tidlegare sukka over at eg måtte gje meg på å hekle dette spiral/volangskjerfet, etter oppskrift i Familien. Men med gode hjelparar er ingenting umogleg. I går kom ToveLisbeth med ei uventa gåve! Ho har hekla eit slikt til meg! Ho påsto at eg fortente det, men eg er slett ikkje sikker på det;) Uansett er det veldig hyggelig gjort!

Her har eg prøvd det på meg utanpå ein gammal favorittgensar, strikka for mange år sidan. Dette er den gensaren med mest fletter etc eg har strikka. Berre samanlikne med ToveLisbeth sin blogg, så ser du kva det går an å lage...

Mammutsalget er i gang, eg var flink til å handle berre nokre få bøker!

1 kommentar:

Merete sa...

Flere som har vært på mammut ser jeg! Vi har endt opp med samme strikkebok, jeg har nemlig en som er veldig opptatt av gravemaskiner, og det er det i den boka:)