mandag 4. februar 2008

Tidkrevande hobby...

Eg har konkludert med at ein av mine mest tidkrevande hobbyar må vere klesvask. Forrige mandag måtte eg hente minstejenta i barnehagen, ho var litt sjuk. Så då rakk eg å vaske litt klede. Faktisk vart det 4 runder for vaskemaskina mandagen. Det gjorde at eg heldt tellinga forrige veke.. resultat: 14 omgangar i løpet av 7 dagar. Og det var ikkje ei veldig spesiell veke, heller!

Ok, vaskemaskin og tørketrommel er fint. Men gje meg ei maskin som kan legge sammen klede!!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei på deg :)
Du er ikkje åleine som ønsker deg ei maskin som legg saman kle, eg skulle gjerne hatt ei som la dei på plass i skap og skuffer også ;-))
Og med det kom eg på at eg har visst ei vaske som er ferdig... sukk..

Ha ei fin vaske-veke ;-))

Bodil.

lunacia sa...

Haha, ja ikke sant? Jeg har bare meg selv å vaske klær for, og synes selv det er mer enn nok. ;)