søndag 23. mars 2008

Hurra for 17-åringen min!

I går fylte musikanten 17 år. Han er sjølvsagt den aller ypperste av sin årgang, men hadde invitert nokre klassevener til feiring i går kveld. Jammen er det mykje hyggeleg ungdom i verda!
Eg hadde fiksa taco til eit lite båtmannskap, og etter avtale var småsyskena lånte bort for natta. Det er praktisk å ha besteforeldra i nabohuset!

Etter at maten var komen på bordet, forlet eg gjengen, og kom innom berre for å sjekke tilstanden ein gong. Litt etter midnatt kom vi gamle foreldra heim og gjekk og la oss. Dei litt yngre heldt ut til klokka var nesten morgon, og så overnatta 5 stk. (Etter avtale, det er slik det må bli når ein bur på ei øy...)

Eg var litt usikker på kva eg ville møte i dag tidleg, men dei imponerte meg: Stova var rydda og ordentlig, kjøkenet var nesten perfekt og det var berre nokre skåler igjen å vaske.

I dag fekk dei frukost, rydda pent etter seg og reiste kvar sine vegar.

1 kommentar:

Saria sa...

Jeg er imponert!! :D