søndag 30. mars 2008

Trondheimsbesøk

Herleg helg!!

Vi reiste med Hurtigruta Trollfjord frå Ålesund til Trondheim, og det var ein fantastisk fin kveld og natt. Eg må vel innrømme at eg ikkje bada på dekk, sjølv om det var fristande.
Laurdag var vi på IKEA, og det er ikkje ein dum plass for sunnmøringar... Vi hadde ei lang liste over ting vi ville ha, og jammen fekk vi tak i alt! No vert det nytt tv-bord, eit par bokhyller, ein kommode og ei skikkeleg leikekasse i bjørk. I tillegg vart det sjølvsagt litt småplukk:)
Vi må berre skrue nokre dagar...

I Trondheim overnatta vi på Royal Garden, og uten å vite noko om det, ramla vi rett oppi Nidaros Bluesfestival. På hotellet. Eg trur det var 1000 menneske inne på fellesarala i hotellet utpå kvelden, det var heilt vanvittig! Vi stod i kø, gjekk i kø, og orka ikkje å kjempe oss fram til mat og drikke. Vi hadde ikkje funne nokon plass å sette oss for å ete maten heller... Så vi gjekk ut i staden:) Peppes Pizza har god salat!!
Og eg har tre nydelige systre, ei av dei studerer i Trondheim. Så vi fekk treffe henne også. Det var veldig hyggeleg!

På hurtigruta er det sjølvsagt mogleg å strikke litt. Eg såg jo ein del på utsikta også, men fekk starta på eit par sokkar til ei lita jente i heimen:
Dei vart ferdige i løpet av helga.

I tillegg hadde eg med den omtalte rosa og grå gensaren til prinsessa. Den er ikkje komen så veldig langt enno, men den veks etterkvart!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Høres ut som ei perfekt helg :) Ja no får du bærre sy i veg,for denne er veeeldig enkel :) Lykke til.
Klem fra Ronille

Anonym sa...

Takk for hilsen i bloggen :-)
Jeg har faktisk jobbet på hurtigruta, men ikke "trollfjord" Den så jo virkelig ut som et luksus-skip. Det var nemlig ikke basseng på de som jeg jobbet på. Det hadde egentlig ikke spilt noen rolle for min del da uansett.... eller kanskje, det hadde jo blitt mer å vaske. *ler*
Det hørtes iallefall veldig trivelig ut for dere :-)

Anonym sa...

Ååå, har du vært på besøk?? Det har jeg ikke fått med meg nei. Fader å.....
Trollfjord er et supert skip, jeg har vært med fra Bergen til Trondheim, og nøt hvert minutt!
Ha en forfriskende uke!