lørdag 19. april 2008

Hemmelig uvenn som viser seg å vere ganske vennlig:)


Eg har fått pakke i dag! Eg har venta med lengsel og skrekkblanda forventning på ein pakke frå ein hemmeleg uvenn... Pussig å få pakkar frå uvennar, ja? Eg syns ikkje ho var så uvennlig heller! Tanken var at vi har hemmelege venner på hobbyboden. Då sender vi ei gåve som vi trur mottakaren vil sette pris på. Så var det ei lur strikkedame som kom opp med ein genial ide: Kva med ei runde med hemmelig uvenn? Så kan vi sende det absolutt verste garnet vi har! Det vi ikkje kan fatte kva vi skal bruke til, eller det garnet som er heilt feil av ein eller annan grunn.

For nokre dagar sidan sende eg avgarde noko ekkelt garn, og har som sagt venta på kva som kjem til meg...

I dag kom pakken! Eg anar ikkje kven som er min uvenn, men eg syns ho er vennlig:) Berre sjå:
Eit nøste Opal i ganske jentete fargar, som avsendar seier ho ikkje held ut gulfargen i. Eg la det på bordet, og prinsessa vil ha slike sokkar NO;)
To nøste heilsyntetisk Chili i grøngule fargar, ganske ekkelt, men prinsessa vil gjerne ha ein genser av dette garnet.... Det er HELDIGVIS ikkje nok til ein gensar, men kanskje eg kan lage ein kant på ein gensar av det?
Eit nøste gråblå Daletta, som eg ikkje anar kva eg skal bruke til enno.
Og eit nøste limegrøn Cortina, tjukk og god tråd som kan tovast.

Er dette uvennlig? Mykje fint, litt ekkelt, men jammen slo det eklaste godt an hos prinsessa;)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe...virker faktisk som det er en del som liker disse hemmelig u-venn-gavene jo!!:-D bra saker!!

Anonym sa...

Det er jammen godt når uvenner har dårlig smak, tenk å ikke like det Opalnøstet da!

Jaja74 sin hobbyblogg sa...

Heisan og takk for besøke i bloggen min:) Ja her i "noksånabokommunen" har vi d bra. Sola skinner og noe mer forlanger ikke jeg;)
Synes også at denne hemmelige uvennen din har vært snill jeg. Er nok dei som har fått verre pakker en d der. Håper å få vere med på neste runde jeg for jeg har noe skikkelig gyselig garn som jeg gjerne kvitter meg med hehe...

Margrethe sa...

Slike U-venner kan man like! Opalgarnet var kjempestilig jo :)