søndag 27. april 2008

Kva skjer her, da?

Det vert visst lenger og lenger mellom oppdateringane? Eg har hatt hendene fulle den siste veka, gullungen har vore sjuk og klengete. Det er ikkje behageleg å ha 40 i feber mange dagar i strekk, og det krev at mamma er tilgjengeleg med eit fang... I alle fall ganske ofte!

Men eg har strikka litt innimellom. Gensaren til prinsessa er undervegs. No er eg ferdig med bolen, men har brått møtt problem... Det er jo berre eit nøste igjen av det grå garnet! Og eg som skal strikke 2 ermer, med grå botnfarge! Så då vart det ei lita endring. Bolen er grå med rosa mønster (lus og setesdalsmønster), men ermene vert rosa med grå lus. Det må bli bra!

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann. Nei, det er vel litt dalende med dei fleste på produksjonsfronten no når det vert meir å finne på ute. Eg held på med eit baby-teppe og ei beby-jakke, men mangler selfølgelig garn på begge to, så no vert det kanskje litt klutar i staden.. Så held eg på å lage meg nytt Hobbyrom, da det andre har "krympa"... Ønsker deg ei fin helg.
Klem fra Ronille