torsdag 3. april 2008

Må nesten le:)

Eg starta året med garnopptelling. No har eg laga meg system med garnoversikt på sida av bloggen her, så eg har full kontroll over kva eg har brukt, kva eg har handla, gitt vekk eller fått.

No kom eg på at eg kunne ta ein sjekk på status etter 3 mnd. Det er vel dette som heiter kvartalsrapport, ikkje sant?

Og kva ser eg? Jau, eg visste det jo eigentleg...

Ved årsskiftet hadde eg 3270 gram garn. Så har eg brukt 1670 gram, gitt vekk 350, fått 300, handla 1550 gram. Etter å ha rekna saman tala, kjem eg fram til at eg no har 3100 gram.

Konklusjonen er altså at eg har skarve 170 gram mindre no enn eg hadde for 3 mnd sidan. Og eg som skulle bruke opp ein del.... Jaja, det går jo rette vegen!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann. Titter innom for å ønske deg ei god helg :)
Klem fra Ronille

eple sa...

Men om du ikke har slanket beholdningen så mye, så har det iallefall vært litt sirkulasjon - og det er vel sunt også:)

hobbybloggen sa...

Så lenge det går riktige veien, har det vel ikke noe å si hvor lite i den veien det går? :) Og rosa har rett, sirkulasjon er sunt :)