søndag 4. mai 2008

Å, for ei herleg helg!

Dette har vore ei fantastisk langhelg! Om nokon av dokke andre som var med les dette, så syns eg dokke kan legge inn ei stadfesting under her....

Den fantastiske mammaen min fyller straks 60 år, og feira med å invitere med seg 4 døtre, 4 svigersøner, 5 borneborn og mannen i huset til Hotell Alexandra i Loen. Det er ein tur å anbefale, for liten og stor.

Vi var 15 personar, frå 1,5 år til 65 år, og alle hadde det fint:)

Fredag hadde vi ein herleg tur til Briksdalsbreen, det er om å gjere å få med seg slike brearmar før dei smeltar vekk. Eg hugsar at eg var der då eg var ganske ung, usikker på årstalet her;) Men då var breen mykje større! Medan vi var der, høyrde vi eit skikkeleg bråk, og ein ganske liten bit ramla nedover bresida. Så mykje støy!

Her er vi på veg opp mot breen. For å skjerme mine kjære systre frå eit liv i offentligheita sitt søkelys, tok eg eit bilde bakfrå...



Her er vi rett ved breen, og det er bra størrelse på steinane her.
Gjett om dette er eit motiv som fins i 75% av alle fotoalbum over store delar av kloden...?


Og berre for å vise galskapen: Når du har tilgang på så mykje herleg mat, kva skjer? Du må smake på alt... Og sjølv om vi var der i 3 netter, med gode sjansar til å nå over alt i løpet av opphaldet, så må ein berre ha litt til!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hehehe, den asjetten ser underlig kjent ut....litt av alt mååååå til det er jo det koldtbord er til for er det ikke??;-)

Ellers ser det ut til at dere har hatt en flott tur!!

Anonym sa...

Det så flott ut der ,for en flott bursdagsfeiring , og deilig god mat!!

Ugla sa...

Åhhh, nå ble jeg fristet, tror jeg må se i fryseren og se om jeg finner noe is for å bøte på suget :-)
Ha en fin pinse :-)

Anonym sa...

Heisann. Er litt seint ute med å ønske deg God Helg- og Pinse. Men dei siste dagane har vore så fine at eg har stort sett vore ute og lite ved datan :) Men i dag er det grått og regn, så da passer det bra med ei bloggbesøkrunde. Jepp, harr hatt nokre turar til Alex, deilig og avslappande :)
Klem fra Ronille