søndag 14. februar 2010

Den store barnedåpen

Det vart ein flott dag! Vi var heldige med veret, det har til dels vore sol:) Vi vart kjende med den hyggelege familien til svogeren min, og har fått god mat. No har eg ei stor skål med sviskekompott i kjøleskapet... Det er godt!

Dåpsbarnet oppførte seg fint, det var ikkje mykje bråk med henne i dag heller. Babyar er søte!

Musikanten var ein av fadderane, og klarte vel den jobben fint.

Elles hadde heile familien bunad i dag! Minstemor har blitt stor nok til å ta over den bunaden prinsessa hadde tidlegare. Og prinsessa har teke over ein ekte sunnnmørsbunad. Den er ein av to barnebunadar brodert av mi mor, og både eg og alle systrene mine har brukt dei.

3 kommentarer:

Tove sin strikkeside sa...

Gratulerer med vel overstått festdag i familien. Jeg var i kirka, og det var flott å se alle i bunad. (Sukk - min bunad har krympa i skapet). Så at "musikanten" var fadder - koselig.

Annika sa...

Så flotte alle saman var, og spesielt dåpsbarnet!! Kjekt det klaffa med veret i dag:)

Greta sa...

Mange flott bilder :=). Og sunnmørsbundaen er jo berre den finaste da. Gav vekk min egen, angrer vel kanskje litt på det. men, men.
Ha ei fin uke videre