lørdag 20. februar 2010

Handledag utan å bruke ei krone!

I dag har eg verkeleg vore på handel, og så har eg ikkje brukt ei krone sjølv! Jau, eg har kjøpt mat etter den stoooore handleturen, men det tel liksom ikkje...

Det er vanleg å bruke nokre timar laurdag til å gå på shopping, men i dag var eg på jobb. Ganske morsomt, og ganske slitsomt. Når ein skal sende nye landsmenn på leirskule, må ein hjelpe til med å handle utstyr. I dag var gutane på 12 og 14, mora deira og eg på ein haug butikkar. Vi har litt tungvint kommunikasjon enno, sidan dei ikkje har hatt tid til å lære så mykje norsk. Så når norsken ikkje strekk til, blir det å snakke engelsk til borna, som overset til mor. Og tilbake på same måte.

Vi var heldige på nokre felt. Tusen takk til tidlegare svoger på Intersport i Ulsteinvik som gav oss ein veldig god pris på skipakke! Tessekur, seier mor. Ikkje veit eg korleis det skrivst, i alle fall ikkje slik:) Men det tyder tusen takk, og eg høyrer det ofte!

Ski med alt tilbehør, varm gensar, lue, siteunderlag, buff, ståltermos, solbriller, skjerf og sokkar. Det nærmar seg at guten er utstyrt til ei veke i snøen:)

No er det endeleg vinterferie, forresten. Nokre fordelar skal ein ha, når ein jobbar i skuleverket. Lærar er eg ikkje, så eg har ikkje automatisk fri i ferien, men eg har 67 timar å avspasere:) Det blir nok til ein vinterferie, ja...

2 kommentarer:

Jaja74 sin hobbyblogg sa...

Kjekt å høyre om dagen din. Artig at du hadde same genser da:) Lurer veldig på å strikke den til tuppelura mi etterkvart.
Ynskjer deg ein riktig fin laurdagskveld!

Stubbetufsa sa...

Jeg tror du fortjener en vinterferie, Anlen! Jeg unner deg det virkelig! Kos deg!