torsdag 25. februar 2010

Happy birthday:)

Eg har tre sjarmerande born, som ofte feirar bursdag i feriar. Eldstemann vert av og til innhenta av påskeferien, minstemor sin bursdag kjem av og til inn i haustferien, og prinsessa som fyller 7 i dag, har stadig vinterferiebursdag. Det var litt spenning før vi tok imot gjestane i dag, om alle hugsa det så langt uti ferieveka:) Alle dei inviterte kom, med unntak av ei. Det er vel ganske bra oppmøte, eg hadde i alle fall sett for meg at det kunne ramle ut for nokon sidan invitasjonane vart delte ut sist fredag...

Vi har hatt fri i dag, eg og jentene. Vi kosa oss med å bake muffins, og rakk ein liten tur ut i strålande sol. Det er utrulig mykje fint ver i år!

Bursdagar har enkle reseptar: Gjestane vil stort sett ha muffins, sjokoladekake, gele med vaniljesaus, og godtepose!

Vi hadde også pølse med brød, men det er ikkje alle som likar det når dei kjem i selskap. Då er det mykje kjekkare å hoppe rett på kaker og søtmat;)
Tidsramma i dag var 2 timar. Etterpå konkluderte vi med at det hadde vore heilt greitt med 2,5 timar, men 3 hadde ikkje vore behageleg.

2 kommentarer:

Annika sa...

Gratulerer så mykje med dagen til 7-åringen! Ho har same dag som min nevø :) Han hadde ikkje tid å prate med tanta, for han hadde fått seg nytt PS2-spel og holdt på å krasje fordi tanta masa ;)

Ha ein strålande kveld vidare. Her er det OL-OL-OL!

God natt:)

Husmora Torunn Husbyn sa...

Gratulerer med 7 åringen! Ønsker deg en flott helg! :-)
Klem