søndag 21. februar 2010

Søndag i Atlanterhavsparken

I dag har vi besøkt Atlanterhavsparken, som er akvariet i Ålesund. Det er mykje flott å sjå der, og tilbodet vert stadig utvida. No har det sjølvsagt vore fisk i akvariet heile tida, i tillegg til krabber, hummar og denslags tilhøyrande saker. For nokre år sidan kom Atlanterhavsparken med skilpadder, og no har dei hatt pingvinar ei stund. Heilt nyleg har dei også fått inn øgler!

Eg veit ikkje om eg hadde villa hatt slike sjølv. Faktisk er eg ganske sikker på at det ikkje hadde vore toppen av lykke. Men dei er søte på ein rar måte... I alle fall litt sjarmerande;) Eg hugsar ikkje kva dei heiter, men denne heiter noko med halsband, det klarte eg å hugse!

Ein av hovudattraksjonane er når dykkaren forar dei enorme fiskane i stortanken. Den største kveita der heiter Belinda, og er ca 180 cm lang... Dei andre fiskane er også store, men ikkje så enorme! Borna syns det er så kult når dykkaren vinkar til dei, og dei vinkar tilbake med stor iver.


Etter at vi kom heim, fekk eg ein iver over meg. Det er lenge sidan eg laga kanelsnurrar, så det vart ein stor porsjon. Halvparten av deiga laga eg klippekrans av, det er nesten enda betre enn kanelsnurrane. Særleg trur eg minstemor vil like denne, ho åt nemlig mange kanelsnurrar, men berre "det mjuke", altså innmaten.


2 kommentarer:

Greta sa...

hei. planen er å besøke atlanterhavsparken når eg skal til Ålesund og sunnmøre i sommer.

den klippekransen såg berre så utrulig god ut. Spørs om eg ikkje skal alge noen kanelsnurrer ein dag, når overskuddet kjem att.
ha ei stålandes uke

Frau Putz sa...

Klippekrans... Sikke et sjovt navn. Her kalder jeg den kanel-stang.
Jeg skærer nu min ud - men måske jeg skal prøve at klippe med en saks næste gang.
Nu fik jeg helt lyst til at bage - og ikke mindst spise kanelstang ;)