mandag 22. februar 2010

Vinterferie:)

Det er jammen godt å ha nokre dagar fri av og til:) Eg lurer av og til på om eg burde jobbe meir enn 80%, men sidan det medfører mange timar avspasering er det ganske lekkert å ikkje jobbe fullt. Det er i alle fall velkomne dagar! I dag har vi kosa oss heime, gått ein liten tur i nærområdet, vaska klede og spelt spel. Og baka brød. Sengene er visst reine også.

I morgon skal eg ha ein liten ego-dag, det trur eg også er greitt å ha av og til. Eg har planlagt å levere jentene på barnehage og SFO litt utpå formiddagen, og så stikke på shopping. Det er klart jentene burde få vere med på butikkrunde, men med to jenter på slep vert det ein litt annan type butikkdag. Då vert det noko meir i retning kaférunde....

Prinsessa fyller 7 år om nokre dagar, så eg skuldar på at eg skal kjøpe presang til henne;)

I dag var det ein herleg pakke i postkassa! Vibeke trekte meg som vinnar i blogglotteriet sitt, og eg fekk ein nydeleg Wollmeise i dag! Eg har ikkje teke bilete av det, men du kan sjå det i eit innlegg litt lenger ned på sida. Nydelege fargar, raudt, gult, oransje. Eg veit ikkje kva eg skal lage av det, men eg trur ikkje eg har hast med å sprette denne hespa. Enn så lenge kan den ligge til pynt:)

3 kommentarer:

Tovepia sa...

Kos deg med god samvittighet i morgen, du! Av og til skal man ha litt tid for seg selv;)
Klem fra meg;)

sissel sa...

Ha en flott shoppingdag i morgen, en må av og til unne seg litt aleine tid. Er arbeidsleding fra ca 15 mars, da skal jeg virkelig slappe av etter 3 år som selvstendig næringsdrivende. Gjett om det skal bli godt.

Judit sa...

Deilig med vinterferie, har planer om en liten shoppingrunde her også! Så heldig du er som har fått deg en woolmeise, har aldri prøvd det, men forhåndsreklamen lover mye.