
Her er det i teorien plass til 20 tilsette. Vi er 3-4 som skal dele kvart rom i brakkene, og no prøver vi å finne opp og ned på verda.

Medan vi bar inn kasser i haugevis, kom ein kar og mala veggane... Og elektrikaren klatra rundt oss. Vatn har vi ikkje enno. Men det er jo berre ei veke sidan vi bar sakene våre inn der, så det er vel ikkje å vente at det skal skje så kjapt!?

Og no er det hol i veggane:) Til høgre for gymbygget har det inntil nyleg vore eit overbygg som no er borte. Så no ser eg sjøen frå stova!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar