Vottane til min kjære farfar er ferdige, dei fekk ein tur gjennom vaskemaskina før eg pakka dei pent inn i dag. Håper berre at dei passar! Og så håper eg at han kastar dei gamle;) Dei er fiksa og reparerte både her og der...
Dei siste dagane har vi brukt mykje tid på vasking, rydding og pynting. Eg har strikka hjerte i mange ulike størrelsar, desse er blant dei største. Det er kos å henge opp pynt som eg har laga sjøl og er litt stolt av:) Det er ikkje alle som har likt, i alle fall!
I dag har prinsessa vore på besøk hos mormor og morfar, og fekk lage sin heilt eigen juledekorasjon! Eg syns ho er flink! Ho fekk hjelp til å stikke einerkvistane i oasisen, for det orka ho ikkje å gjere sjølv. Men eg likar ikkje stikkete einer, eg heller, så det syns eg er heilt forståeleg!
Og denne likar eg! Det er storebror som har laga denne engelen, for ein del år sidan. Han ser så unnskyldende ut, eg diggar uttrykket!
Amaryllisen min har verkeleg truffe godt med juledagane no!
Til alle som måtte kome innom: Ha ei god jul! Bruk dagane til å slappe av saman med familie og vener, og gjerne med strikkepinnane i nærheita:)
6 kommentarer:
Jula er gøy, med lek og støy. Hvis du har vært snill og grei, får du kanskje det du ønsker deg. God Jul :)
Ronille
Ønsker deg og dine ei God Jul.
Du tek sjansen på at familiens eldste ikkje surfar på nettet....
Flotte votter; nyydelig arbeid!
Den engelen er jo en liten skatt; jeg elsker slike hjemmelagede ting! Gjemmer på alt sånt:-) Ønsker deg og dine ei trivelig jul og et godt nytt år! Klem Grete
Ha en riktig god jul, både med og uten votter på hendene. ;-)
Vottene var fine, og det var ellers mye fin julestemning på bloggen!
Ha en fortsatt fin romjulstid, og godt nytt år!
Legg inn en kommentar