lørdag 29. desember 2007

Romjulsbesøk i heimen


Litt har eg jo fått gjort i jula. Eg har strikka tre calorymetriar, i barnestørrelsar. Prinsessa får vere modell, uten ansikt....
Eg har brukt ein tråd alpakka og ein tråd Regia til dei mørke, og ein tråd kvit Silje og ein tråd Regia til det lyse. Fin måte å bruke restar på!

I dag har eg fått testa ut den nye stooore lasagneforma mi! Eg hadde veldig lyst på ei ny form, og fekk ei av systra mi i julegåve. Det gav ei god unnskyldning til å lage masse lasagne til 16 personar... Det gjekk veldig fint!
Det er lenge mellom kvar gong vi har samla så mange vener frå gamle dagar. Dei som var her i dag, var tre venninner og systra mi(1 år yngre enn meg). Vi var mykje saman på ungdomsskule og vidaregåande. No har alle sammen familie av litt varierende størrelse, så vi vart mange i dag!

Oppskrifta fann eg på Frokost-tv sine sider, og den inneheldt både kjøtdeig, bacon, gulrot, stangselleri, løk og kvitløk, rødvin og buljong. Og oregano. Ein god kvit saus, og masse ost:) Berre lekkert! Dessverre kom eg ikkje på å ta bilde, så eg kan ikkje dokumentere godsakene. Folket må berre tru meg når eg seier det...

I tillegg fekk eg to julegåver i dag, frå to av gjestane mine. Den eine rakk ikkje å verte ferdig med alle gåvene før jul, så eg fekk eit kort i pakken min julafta. Der hadde ho hinta litt om kva eg kom til å få i romjula, og limt på nokre trådar for å friste litt. Det var utruleg godt garn! Eskimo, eg har aldri prøvd det. Men det skal eg nok gjere, ja! I dag fekk eg overrakt den ferdige gåva. Lekre hekla tøfler!

I see that I have a few visitors from USA, and I could try to be nice... I have knitted some calorymetries these days. My daughter is model, but I don`t like to show her face. I also brag about my lasagne, with a lot of good ingredients. This was the first time I`ve used bacon and red wine together with the standard minced meat. Yummy!
I got a christmas present from a good friend today, she made them from Eskimo yarn. Very warm and beautiful:)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott romjulstrikk dette du har gjort colemetry og tøffler.
Hvilket garn bruker du til Colmetryene skulle ha strikket til en jente på 4 år jeg.

Helen Brekke sa...

Åh, det var fiiine tøfler!

Og for ei nydelig tulle du har, ble nesten forelsket da du fortalte om reaksjonen på genseren. Kan bare se det for meg:)