søndag 7. desember 2008

Snakk om god match?

Dette er vel noko av det mest passende eg har opplevd på lenge. Berre høyr her:

I går strikka eg ferdig eit par vottar til minstemor, med utgangspunkt i blånisseoppskrifta. Vottane er strikka i Vamsegarn. I går kveld vart det ikkje til at eg sette på maskina for å tove dei. Det kunne vente til i dag.

Og i dag vart det pynt på dei!

For i adventskalenderen i dag fann eg ull til å nålefilte!!

Eg som aldri har hatt nål til dette, men no hadde både eit prosjekt som var klart til toving, ny nål og splitterny ull i lekre fargar... Det kan vel ikkje bli betre?

Einaste ulempa no var at minstemor måtte bruke gamle vottar fordi desse var våte etter tovinga enno. Ho hadde SÅ lyst til å bruke dei med ein gong!

6 kommentarer:

  1. så flaks at du hadde votter klar akkurat i dag da.
    De ble kjempefine:)

    det er jo alltid så moro å prøve på noe nytt!

    SvarSlett
  2. Kjempefine vottar!
    Følger spent med på adventskalenderen din, og er skikkelig misunnelig:-)

    SvarSlett
  3. Å, dei vart kjempeflotte! Gjorde seg fint med dei fargane, snakk om flaks! Av og til klaffar det berre! Fin detalj med sløyfene også.

    SvarSlett
  4. Hei:)
    Du lurte på hvor jeg hadde fått tak i ullen. Den du fikk i pakken er fra Jarbo. Den er kjøpt på en garnbutikk som fører Jarbo garn.
    Ellers har panduro noe som heter regnbueull, den er også slik melert:)
    Finnes sikkert flere som sleger også.

    Jeg har kosa meg med julemusikk i går:) og i dag var det nydelig garn å finne i pakken. Tusen takk.
    Jeg skal prøve å få blogga det i løpet av dagen:)

    SvarSlett
  5. Åh, så skjønne votter. Ikke rart hun er ivrig etter å bruke dem :-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for tilbakemeldingar!