
Årets fyrste pakke frå ein hemmeleg ven i Hobbyboden! Eg veit ikkje kven dette er frå, berre at avsendaren bur i Kristiansand. Eg må nok leite litt, kanskje finn eg ut kven det er:) Uansett: to deilige nøste med alpakka, ein type eg ikkje har prøvd før. Fire lekre treknappar, og to posar av min favoritt-te!
Tusen takk!!
Eg har eit par orkidear som blomstrar så fint at eg må vise dei fram:


I tillegg har eg ein tredje som er full av knoppar:)
Så flotte blomar då! Og så kjekt med pakke:) Eg fekk umiddelbart ein mistanke om kven din hemlege ven kan vere, men du vil kanskje etterforske sjølv, utan tips?
SvarSlettKjempeflott HV gåve!! garnet ser jo heilt herlig ut!
SvarSlettkos deg!