

Dei siste dagane har eg strikka to par tøfler som har fått krympe seg ein smule i vaskemaskina. Begge para har blitt vaska fleire gongar, og no er eg fornøgd med tovinga. Det eine er til meg, det andre er til husbonden. Det gamle paret hans har gått i søpla, det var hol under på begge to...


Det har visst vore fastelavenssøndag også, då laga vi bollar! Jentene er ivrige, men mest ivrige til å ete deiga:) Det vart likevel ein del bollar, og hjerte! Vi kjevla ut og stakk ut hjerte av ein del, og det vart veldig søtt!

Ekstra: Etterlysningar etter oppskrift funkar sjeldan her i heimen, for eg strikkar veldig ofte diverse småplagg utan oppskrift. Men desse tøflene har eg ein gong sett oppskrifta på. Den eg brukte no, vart omtrent slik:
Pinnar 8, Fritidsgarn.
Legg opp 60 masker, strikk 20 riller. (40 omgongar)
Fell inn 10 masker i starten og slutten av pinnen. Fortsett med riller over dei midterste 40 maskene. Strikk 15 riller, fell av til tå: Strikk 2 rett, 2 sammen annakvar omgang, berre rett utan felling dei andre omgangane.
Sy saman bak på tøflene, dvs oppleggskanten, og frå fellinga og framover til tåa.
Sleng i vaskemaskina, 40 grader er ein god start.
NB! Desse tøflene vart ganske store, så eg tova dei fleire gongar før dei vart små nok til størrelse 39-40. Men det er lett å gjere dei mindre i oppskrifta også!
Så ut til å være gode sokker, og tøflene var kjempefine. Hvor har du hentet oppskriften?
SvarSlettDet er så artig å sjå slike tøfler før dei er tova. Dei blir heldigvis litt meir menneskeegna etterpå! Kjempefine vart dei. Og så søte bollar, då! Har ikkje sett hjarteforma utgåver før. :)
SvarSlettDei tova tøflene var kjempestilige. Takk for at du la ut oppskrifta. Den skal eg prøve meg på.
SvarSlett