
Er det mogleg å ha det finare enn dette?
I dag var eg ferdig på jobb tidleg, og klokka kvart på to var fjellskoa på, og eg kunne sette kursen mot fjellet. Det er ikkje nødvendig å ta verken bil, buss eller sykkel for å kome seg opp på fjella her:) Kondis er ikkje akkurat det eg har mest av, men eg trur at det skal bli betre... I dag brukte eg akkurat 40 minutt frå døra til den vesle toppen som heiter Håbakknotten.

Berre nyt utsikta! Fjell og fjord i alle retningar! Og sol:) Eg gjekk i shorts og singlet i dag, og det var godt og varmt.
Dessutan åt eg tytebær, søte og solvarme. Så godt har vel aldri tytebær smakt....


Vakkert!
SvarSlettDeilig med Indian Summer, dette tengte vi før vinteren!
Flotte bilder - du er heldig:-)
SvarSlettJa, heldige du! Eg har jo natur og fjell rett utanfor stovedøra akkurat som deg, men ei brota tå gjer det vanskeleg å finne sko som er gode på foten, og forresten så blir det for mykje belastning på brotstaden om eg prøver meg på fjelltur, så eg må finne på alternative syslar i go`veret.
SvarSlettVakkert er vel eit beskrivende ord. Kjekt når ein kan føle seg heldig.
SvarSlett