Fyrst må vi ha ei fanfare! Tamtara-tah!!!
Annika har gjort dette lett for meg, sidan ho bur i same kommune som meg. Posten tener ikkje så mykje på denne leveransen, då... Annika sin blogg kan du finne her:) Eg har putta litt forskjellig i påskeegget. Faktisk kunne eg gjerne vunne eit slikt sjølv... Her er det litt garn, litt godteri og litt te/kaffi. Og tur-kjeks, sidan alle gode nordmenn skal ut på tur i påska:)
Håper påskeegget kan bidra til at påska 2011 vert god, Annika!
Eg må også takke alle som har lagt igjen ei helsing til meg, det er så kjekt å få respons frå nokon "der ute"!
2 kommentarer:
gratulera til vinnaren.
Tusen, tusen takk for eit herleg påskeegg! Sikkert det einaste eg får til påske :)
Morsomt at eg skulle vere den heldige vinnar! Sindre helsar og takkar veldig for Anton Berg-sjokolade! Den skal sparast godt til påska!
Legg inn en kommentar