Innehavar Barbro på Trådkråa har ganske god oversikt over kva som fins, så ho kom kjapt med oppskrift på islendar strikka i Mitu. Det garnet har eg aldri prøvd før, men eg blir tiltrekt av blandinga av ull og alpakka. Så då får eg prøve det no.
Men då eg bladde i heftet, kom eg over eit mønster eg har vurdert til meg sjølv. Ein enkel tunika med rundfelling og stjernemønster i rundfellingsfeltet. Jammen vart det med nok Mitu til å strikke den også... Sjølv om oppskrifta var meint til pt5. Mitu var så mjukt og deilig, eg berre måtte!!
Så gøyt og spennende. da har du masse arbeide forann deg da. Tar vel ei stund før den vert ferdig no på sommaren, men skal verte kjekt å sjå. gleder emg til det. ha ein flott vår/sommer dag
SvarSlettGled deg til å begynne. Har strikka i Mitu sjøl og den er kjempedeilig!
SvarSlett