No kjem systra mi til å le. Høgt.
Eg er over middels sensitiv overfor dårleg bordskikk i form av smatting, faktisk alt inntak av mat som inkluderer unødvendig lyd... Systrene mine har fått lære den harde måten at slikt aksepterer ikkje størstesystra. Det var visst snakk om velretta spark under bordet om dette vart gløymt.
I dag var eg nær ved å forlate ferjesalongen og heller site i bilen under overfarten Hareid-Sulesund. Eg klarte å bli sitande, men det var ein lidelse. Litt bortanfor meg sat nemlig ein familie med ganske store born, der alle 5 heldt på å tygge kjeven ut av ledd. Det var nok store mengder tyggis involvert. Ferjer er ikkje lydlause, det er faktisk ganske mykje lyd der. Men likevel var det svært enkelt å få med seg tygginga frå denne familien Flintstone. Det er foreldra som må ta ansvar for å gjere borna nokonlunde siviliserte. Her har besteforeldra svikta også, for desse foreldra har tydelegvis ikkje fått med seg normal bordskikk. Eg skulle gjerne hatt lydopptak av denne gjengen, for det høyres ikkje så ille ut når eg prøvar å skrive om det. Men tru meg: Det var ille! Den yngste av borna var minst 9-10 år...
Eg kunne NESTEN tenkt meg å få vere fluge på veggen under eit måltid hos desse. Kanskje er det betre enn på tyggisfronten. Men eg har sett foreldre som sit på kafe ved sidan av ganske store born, og tydelegvis ikkje syns det er nødvendig å korrigere dei søte små.
Eg vil presisere: Det er søtt at 2-åringar mistar mat ut av munnen medan dei et. Det er ikkje søtt når 12-åringar tygg med munnen open og mistar mat ut av munnen. Ikkje søtt i det heile.
Om du er interessert, kan du gå inn her: Klikk.no og sjå kva som er anbefalt der.
Eg klipper litt:
Begynn i tidlig alder. Selv helt små barn kan forstå enkle kommandoer og grunnleggende manerer. Det er derfor ingen grunn til at ikke også dine barn kan lære seg god oppførsel ved matbordet tidlig. Begynn med å prøve å få barna til å sitte i ro på stolen sin og søle mindre.
Rundt skolestart kan barna begynne å lære mer detaljerte bordmanerer, som:
•Vent til alle har fått mat før du begynner å spise
•Tygg maten med munnen lukket
•La være å synge, komme med frekke bemerkninger eller skjære grimaser ved bordet
Gi barna ros når de oppfører seg godt.
Si fra om og rett opp uvaner, men på en rolig, behersket og tålmodig måte.
Er det eg som er for kresen?
6 kommentarer:
haha! Om du er for kresen så er jeg det også isåfall!
Smatting og slafsing er fælt, jeg mister matlysta av sånnt:p
Du er ikke kresen, men den beskrivelsen over som snakker om enkle kommandoer minner meg om oppdragelse av hunder. Selve ordet kommando har en autoritær klang som minner om gamle dager. Å lære barn å spise pent er en selvfølge, og kan være vanskelig om man ikke har lært det selv. Men legg merke til tannstillingen til den som smatter, også små barn som har vondt for å puste igjennom nesen. Dēt hender at det er grunner som ikke synes også....
Høylytt smatting, slurping og prate med mat i munnen er det verste jeg vet ved matbordet.
Det har sikkert noe med oppdragelse å gjøre når utøver dette ved matbordet :D
Ha en fin dag videre :D
Eg ser litt av kvart ... Det er nok mange som et få i lag. Ein del får maten i handa, trur eg.Når ikkje foreldra tek jobben, så vert han overleten til ei yrkesgruppe som no har ferie ;-)
Elles reagerer dei ofte på kvarandre på skulekjøkenet. Der trur eg elles det er viktig å seie frå på førehand, ikkje pirke på dei medan dei et. Til dømes når vi et dessert: Mat som har vore i munnen, skal ikkje ut att...
hahahahah ;)
Ej flira godt ta ditte her, ej mæ. Mother, you have taught me well. <3
Legg inn en kommentar