Det er lite å seie i desse dagar. Vi sit i Tyrkia på ferie, og har vanskar med å fatte kva som skjer heime i Norge. Alle er like sjokkerte, og vi sit ved pc og tv i timevis for å prøve å forstå. Men det er ikkje lett!
Dødstala etter ein gal mann sine herjingar ser ut til å snart vere oppe i 100. Dei aller fleste av dei drepne er unge menneske. Det er ufatteleg og for grusomt til å greie å ta inn over seg.
Alt vi no kan gjere, er å stå saman. All medkjensle til dei som er direkte råka anten i Oslo eller på Utøya! Vi andre må innsjå at Norge ikkje lenger er som det var.
1 kommentar:
Sender deg ein stor klem
Legg inn en kommentar