lørdag 9. juli 2011
Tidsfordriv
Eg har hatt litt av ein jobb dei siste dagane! Det er ei stund sidan sist eg kom på å bestille papirkopiar av alle bileta som ligg på maskina. Eg har fleire gongar bestemt meg for å gjere det litt oftare, men eg går på ein smell stadig vekk.... No var dei forrige bileta i albuma frå oktober, så eg hadde forsømt meg igjen;)
Men etter nokre dagars innsats, er eg godt fornøgd! Ikkje mindre enn 5 album har vore i sving, nokre av dei er til meg og gubben, men så lagar eg alltid eit album til kvar av borna også. Det er ikkje så mange bilete der, men eg prøver å fordele slik at dei ser litt av kva dei har vore med på og korleis både dei og oss andre såg ut i 2011.
Så no er eg klar til å knipse mange feriebilete, og lime dei inn i november:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Huff no fikk eg dårlig samvittighet. Har så mye bilder eg skulle ordna eg og. Vel det vert kanskje ein gong
Så flink du er, her ligger det flere årganger. Håpløst å begynne på.
Ha ei strålande helg :D
Ja er det ikke herlig når det er ryddet i bildene? Jeg laster inn en fotobok som jeg får trykket - 1 for hvert år. Det tas bilder i de samme høytidene så vi ser hvor forandret vi er fra år til år:-)))
Ha en flott søndag!
Heldige deg som er så asjour!. Jeg liger MANGE år etter.Selv om vi er i databildeverden er det trolig trivelig å ha fotoalbum å blad i:)
Imponert! Du kom i mål før ferien starta altså? :) Eller før dokke reiste,iallfall ja!
Legg inn en kommentar