søndag 30. mai 2010

Grand Prix-fest:)

Som eg nemnde i går: Det var blåtur i går, stort sett heile dagen. Eg kan endeleg fortelle kvar vi var....

Som alle blåturar er det innlagt nokre "lurestopp" og andre finter for at det skal vere vanskeleg å gjette kvar vi skal. Men hovudstoppen vår var på Hide i Gjerdsvika, der Veronica Sundgot Hide driv Hide gard og glasdesign. Ein fantastisk kreativ plass å legge eit besøk! Det er mogleg å reise dit med ein gjeng og lage glaskunst, og sjøl om vi var mange klarte ho å få det til å fungere. Vi strekte nok grensene for kva som var behageleg for vertinna, men det gjekk supert! Ommøblering til seint på natt kvelden før måtte visst til!

Vi hadde med dei fyrste mennene som nokon gong har vore der, og det var ein suksess. Sjølv kjende eg litt på ein mangel på ide eller mangel på kreativitet i starten, men jammen vart det lettare etterkvart! Alle kosa seg, og alle er spente på å sjå resultatet etter brenning. Denne teknikken heiter visst fusing, eller noko slikt...
Eg laga ein blank og blå engel, og ser med stor spenning fram til å sjå den igjen:)

Etter nokre innlagde "sportsleikar" av typen hoppetau og potetløp, enda vi hos ein kollega der vi hadde kinamat og Grand Prix-fest. Det var ein morsom kveld, og vi gjorde det skikkeleg, med skjema og poenggjeving.

Som god nordmann likte eg Didrik sin My heart is yours. Men eg kom etterkvart til at Lena frå Tyskland var ein eg kunne like. Så eg følte at kvelden var bra!

Musikanten min kom bak meg no og sa: Romania sin va bedre! Så då må eg legge inn den også, så kan folket vurdere:)


3 kommentarer:

Annika sa...

Kjekt med tur saman med gode kollegaer!

Vi var på tur fredag til laurdag, i Bjørkedalen, og hadde ein fantastisk tur. Det var ikkje heilt blåtur for oss, vi fann ut det var tryggast å avsløre kor vi skulle, men resten var overraskelse :)

MGP såg vi heime, og eg heia på Kypros, utan at det ga noko særleg resultat. Men Tyskland var ein verdig vinnar!

Greta sa...

Høyres ut som ein super dag og kveld. Eg ahr vore med på ein blåtur i mitt liv og den var knallbra.

Ha ei flott ny uke

D-Wing sa...

Pity UK came last.