3. juli 2009

Oj, eg har oppdaga massevis av strikkeoppskrifter!

Her kan du også finne massevis av oppskrifter samla. Nokre er kjende frå tidlegare, men eg har ikkje sett alle desse før. Kanskje berre eg som er treg, det kan vere ei muligheit;)

Mange oppskrifter er gratis tilgjengeleg, medan andre kostar nokre kroner.

Eg likte at det var ei norsk kort forklaring på kva du finn dersom du klikkar på linken. Av og til har eg vore borti sider der du ikkje veit kva du får før du har gått inn på linken og sett. Det kan jo vere greitt å kunne sile litt!


Little sister dress har noko ved seg. Eg ventar i spenning på kva tanteborn som kan kome:)

2. juli 2009

Blir eg meir synleg no?

Her gjer eg eit forsøk på å registrere bloggen min hos bloggurat.net.

Kven slo av sola?

Trur du at eg bomma i dag? I går var eg på jobb, då var det strålande flott sol heile dagen. Og i dag var eg ikkje på jobb.
Kven slo av sola? Eller kven gav løyve til at denne skodda skulle få lov til å legge seg framfor sola??

No rakk eg å vaske huset før neste bilete. Og det hjalp!

Det er fint med litt skodde, så kan vi glede oss over at den lettar. Dersom den gjer det:) I nabokommunen er det mykje meir skodde enn her, det er sikkert noko med at vi ligg meir heldig til. Vi har til gjengjeld meir vind på denne sida av øya. Desse siste dagane har vi forresten knapt hatt eit vindpust!


Då eg hadde god samvittigheit, reint hus og to søte jenter springande rundt føtene, vart det ein tur på badestranda. Det er alltid kos.

29. juni 2009

Ei lita perle!


Sandvikgarden er vel verdt eit besøk, både for små og litt større. Vi vart overraska over at vi ikkje måtte betale noko for å kome på besøk. Det einaste vi måtte betale for, var om borna ville site på tilhengartur med Gråtassen, eller ta ei lita runde på hesteryggen. Det kosta nesten ingenting, det heller:) 50 kroner, så kunne dei køyre så mange gongar dei berre ville, på både traktor og hest.

Borna kosa seg med å sjå på alle dyra. Fuglar, små grisar, kaniner, hestar, alpakkaer og kattungar. Dersom ein treng ein tur på toalettet, finn du kjapt plakaten på veggen i hovudhuset. Der vert du sendt inn med eit smil. "Du finn vegen"

Slikt bad vil eg også ha... Stort og lekkert, med eit boblebadekar fylt med litt vatn, flytande lys og roser. Slikt har eg aldri tenkt på å dekorere! Dessverre hadde eg ikkje bilete av dette. Men i fjøsen, der det var roleg musikk, kunst på veggane og aldeles bedårende, der tok eg bilete!


Dette er ein fantastisk plass. Og i går var det rekordvarmt, så vi kosa oss på Sandviksanden etter besøket. Det var også ein fin plass å besøke. Nydelig kvit sand, og ok temperatur;)Du kan sjå litt av sanden bak jentene og hesten.




Desse hadde det sikkert litt varmt i går. Men sjå, så søte!!

28. juni 2009

Skremmande nyheiter, brann i Eiksundtunnelen!


Vikebladet har i kveld hatt den verst tenkelege hovudsaka for oss på øyane her. Det vi ikkje vil tenke på, har skjedd. To bilar har truleg frontkollidert i tunnnelen, og det vart ein brann som følge av dette. Eg veit ikkje kor alvorleg det er enno, men det er dessverre stor fare for at dette kan verte eit av dei verkeleg triste nyheitsoppslaga.

25. juni 2009

26 grader ute og 24 grader i kjøleskapet...

Herlig! På den varmaste dagen hittil i sommar får kjølehjørnet feber. Det jobbar for fullt, men klarer ikkje å kjøle. Dermed måtte eg springe tulling og ringe fleire instansar før eg fekk kontakt med ein reperatørmann. Han ville ikkje kome før han hadde snakka med leverandøren som henviste meg til han... og samtidig sprang eg opp på loftet og sette i kontakta på det gamle kjøleskapet som eg ikkje har kasta ut. Der er det i alle fall plass til litt av det som bør ha det kjøleg i desse dagar.

Gubben var litt skuffa då han kom att frå fotballtrening i kveld, og fann ut at pilsen hadde blitt igjen i varmeskapet;)

Eg ventar i spenning på om det kjem til å ordne seg med reperatør eller nye delar før helga. Truleg ikkje... Og om vi får det på garantien? Det er nemlig ikkje fyrste gong det skjer slikt, og det er jo alltid på dei varmaste dagane.

I dag har eg debutert i kommunestyret også. Eg er 2. vara, og har klart å unngå å møte før. I dag var det til og med sommaravslutning, med rømmegraut midt i møtet. Det var ein fin kveld, eigentleg, men eg skulle gjerne ha brukt kvelden ute i det herlege veret.

Forresten er det sikkert like bra at eg måtte gå inn, for eg kjenner at eg solbrent på venstre side av begge beina! Eg sat litt for lenge på stranda og såg på borna som leika seg i vatnet. Litt merkeleg at dei ikkje syntes det var kaldt, for eg meinte det absolutt var for kaldt til å bade skikkeleg. Vasse er ok, men når vatnet når til midt på låret, då skal du ha takk. Eg er nok ei skikkeleg pyse....

24. juni 2009

Sommaren er her!

Eg har ikkje heilt ferie, men nokså nær. Det er deilig å jobbe på skulen etter at elevane har gjort seg ferdige;) I morgon skal eg på sykkeltur saman med nokre av "mine" elevar som ikkje har budd i Noreg så lenge. Jammen ein fin aktivitet i strålande sol!

I går var det siste skuledag for elevane. Lærarstanden ved skulen framførte ein kul rap til 7. klassingane, meir eller mindre utkledde. Det slo an:)
5.klassingane har hatt sløyd i år, og på slutten av året laga dei stylter! Og dei vart mala i dei lekraste fargar, for eksempel mintgrøn og rosa... Kanskje litt femi?

I går var det jonsok, og vi besøkte ein svoger med nedlagt løe. Det er greitt å kunne gå inn, dersom det er kaldt. I fjor var det nesten livsnødvendig å ha løa, men i går var det faktisk fint etterkvart.
Eg kan anbefale grilla loff:
Eg blanda persillesmør og kvitløksmør. Dette smurte eg på begge sider av ei loffskive, og grilla raskt, så dei vart sprø, feite og gode. Nam! Enkelt tilbehør, særleg når eg brukte ferdig oppskoren loff og ferdig kryddersmør. Skivene vart ordna på kjøkenet heime, og så var dei klar etter 15 sekund på grillen.

Jentene kosa seg intenst, dei har nok venta på sola og varmen. Grillmat og utekos, det kan vel ikkje bli stort betre...

Eg har strikka og hekla, men ikkje ting eg treng i dag;) Det vart ei strikka lue og eit hekla skjerf, i tynn alpakka. Dette skal i kassa for eventuelle gåver, eller til eg frys på øyrene sjøl!

21. juni 2009

Herlig nettbutikk


Det er ikkje nokon utprega hobbybutikk, akkurat:)

Men ein lokal kar har starta nettbutikk med t-skjorter som hovudvare. Og det er mogleg å bestille eit stort utval morsomme tekster/motiv. Fellestrekket for mange er at dei er svært lokale.
Her kan du finne dei steikje fine produkta:)