torsdag 19. november 2009

Lefsebaking i stor stil!


I går var det høg mjølfaktor på skulekjøkenet:) 6 damer som jobbar på skulen samla seg for å bake lefser og flatbrød. Eg var veldig produktiv, og veldig stolt!

Eg har aldri laga lefser heilt sjøl, men har vore superassistent hos mamma ein del gongar. I går fekk vi utdelt ein bunke med oppskrifter å velge mellom, og så var det berre å prøve seg fram. Heldigvis hadde vi ein sjefskollega som var ansvarleg for kvelden, og ho gav mange gode råd undevegs.

Eg laga ein porsjon tynne lefser, og etterpå tok eg like godt ein porsjon med flatbrød i samme slengen. Fleire av dei andre gjekk rett på flatbrøda, og heldt på med dei ganske lenge. Det var mykje lettare å kjevle lefsene, så eg fekk nok god hjelp der... Uansett var eg veldig fornøgd med å ha ein stabel lefser og ein haug flatbrød med meg heim.


Vi heldt på frå 17.00 til nesten 21.00, då måtte eg heim for å ta over barnevaktansvaret. Dermed vart det dynking og smøring av lefsene heime.

Neste onsdagskveld er det ei ny runde, og då er det fleire som har meldt seg på. Det vert kanskje såpass fullt at eg heller skal lage hardinglefser heime... I går var det trøbbel med straumen, sikringa gjekk på den eine sida av kjøkenet fordi vi hadde så mange takker i sving på ein gong!

Men det er deilig å vere på eit skulekjøken og herje, med mykje bord og benkeplass;)

6 kommentarer:

reSIRIkulert sa...

Heisan!
Så koseleg å vera saman om lefsebakinga :) Og eg må seie, etter å ha smaka mor sine i fjor, at heimelaga flatbrød er desidert best ;)
Eg ynskjer deg god bakst vidare!
Siri

Judit sa...

Så hyggelig å ha en gjeng å støtte seg på! Har store planer om å bake lefser til jul i år, tror jeg må finne meg noen å alliere meg med.

solveig sa...

Det er kjekt å sjå at lefsetradisjonane held seg! Eg har baka både heime og på skulekjøkenet saman med andre. Ikkje i år rett nok. Det er tidkrevande arbeid, men absolutt lurt å vere to eller fleire.

Hannes hage sa...

Super-eksklusivt, og supergodt! Så stilig å lage sine egne lefser og flattbrød.

Mammamiia sa...

Fellesbaking er moro! Og så er jo hjemmelagde lefser og flatbrød så utrolig godt! :)
Det ligger en award til deg i bloggen min! :)
Ha en flott mandagskveld!

Stubbetufsa sa...

Så flott, da, at dere bakte lefser i lag! Jeg skulle gjerne ha bakt tynnlefser, men mangler oppskrift!
Klem!