søndag 22. april 2012

Bryllup!

Ei stor helg går mot slutten:) Det er ikkje så ofte vi er i bryllup, og jentene har aldri vore brudepiker før! Dei har aldri vore hos frisøren for å få satt opp håret heller;) Dei vart nydelege, nesten like pene som bruda! Bruda er minstesøstra mi, 14 år yngre enn meg. Rart at det ikkje verkar som så stor aldersforskjell no som for 20 år sidan....

Eg må berre vise fram kor nydelege dei fire brudepikene vart:
Det er 4 av 6 tanteborn av bruda som er brudepiker. Dei to andre er for store. Forresten, eg trur ikkje Musikanten min hadde passa inn i kjolen... 
Mine to er dei to midterste i storleik på biletet.

Eg kan vel vise fram systrene også. kanskje. Her ser du bruda i den eine enden og meg i den andre, med dei to andre systrene mellom oss.  Og så eit lite glimt av brudepikene på veg inn i kyrkja, og hårsveisen til Prinsessa;)
Fine damer, kva?

Takk for ei fantastisk helg!

Edit: Musikanten min påpeiker at det er heilt ok for han at han ikkje vart valt ut til å bli brudepike. Elles var han medverkande på mange måtar gjennom dagen. Han spelte trompet i kyrkja, spelte til songane under middagen, og hadde ansvaret for musikken til dansen om kvelden. Kanskje like greitt å ikkje ha på seg kjole då.

7 kommentarer:

Dagny sa...

Det e godt å sjå at musikanten ikkje bere nag!! ;-)

solveig sa...

Flotte jenter - alle saman!

Greta sa...

For noen flotte firkløver. ja begge firkløverea var vakkre. Kanskje dei misnte var vakrast hihi. høyres ut som eit storslagent og flott bryllup.

Annika sa...

Dokke var så flotte alle saman! Var å tjuvkika på dokke i kyrkja :)

Og Musikanten gjorde ein framifrå jobb frå galleriet iallfall!

Kjekt dokke har hatt ei god helg :) Snakkast i morgon! :)

gyldenkron sa...

Så flotte brudepiker, og ikke minst søstrene. Godt musikanten fikk andre oppgaver enn å gå i kjole

byLivA sa...

For noen flotte buketter med jenter/damer :-)

Eltus sa...

Nydelige brudepiker, og flotte brudesøstre;)
Savner bilde av musikanten. Han var sikkert både flott og flink!