Eg må berre vise fram kor nydelege dei fire brudepikene vart:
Det er 4 av 6 tanteborn av bruda som er brudepiker. Dei to andre er for store. Forresten, eg trur ikkje Musikanten min hadde passa inn i kjolen...
Mine to er dei to midterste i storleik på biletet.
Eg kan vel vise fram systrene også. kanskje. Her ser du bruda i den eine enden og meg i den andre, med dei to andre systrene mellom oss. Og så eit lite glimt av brudepikene på veg inn i kyrkja, og hårsveisen til Prinsessa;)
Fine damer, kva?
Takk for ei fantastisk helg!
Edit: Musikanten min påpeiker at det er heilt ok for han at han ikkje vart valt ut til å bli brudepike. Elles var han medverkande på mange måtar gjennom dagen. Han spelte trompet i kyrkja, spelte til songane under middagen, og hadde ansvaret for musikken til dansen om kvelden. Kanskje like greitt å ikkje ha på seg kjole då.
7 kommentarer:
Det e godt å sjå at musikanten ikkje bere nag!! ;-)
Flotte jenter - alle saman!
For noen flotte firkløver. ja begge firkløverea var vakkre. Kanskje dei misnte var vakrast hihi. høyres ut som eit storslagent og flott bryllup.
Dokke var så flotte alle saman! Var å tjuvkika på dokke i kyrkja :)
Og Musikanten gjorde ein framifrå jobb frå galleriet iallfall!
Kjekt dokke har hatt ei god helg :) Snakkast i morgon! :)
Så flotte brudepiker, og ikke minst søstrene. Godt musikanten fikk andre oppgaver enn å gå i kjole
For noen flotte buketter med jenter/damer :-)
Nydelige brudepiker, og flotte brudesøstre;)
Savner bilde av musikanten. Han var sikkert både flott og flink!
Legg inn en kommentar