tirsdag 7. august 2012

Gammalt nytt?

Eg har visst ikkje vist fram sjalet eg strikka til "svigerdotter" Julia. Det er ei stund sidan det var ferdig, og det er ein månad sidan ho fekk det i bursdagspresang. Men her er det:
Ho var på besøk her i pinsa og lånte sjalet mitt. Då Musikanten kommenterte at ho likte det veldig godt, kom eg fram til at eg kunne strikke eit liknande til henne. Fairytale er deilig og mjukt, og sjalet vert varmt og godt!

Elles har eg strikka to kuvøsegensarar, det kan nok bli fleire. Det er lett strikk, sjøl om eg eigentleg syns to rett og to vrang er kjedeleg. Når plagga er små, vert det overkomeleg likevel.

Her fekk ei av dokkene låne gensaren ei lita stund. Og den passar faktisk veldig godt! Oppskrifta er svært enkel, men smart. Eg trur nok at denne gensaren kan passe mange små, i ganske ulike størrelsar.
 
Gensarar med korte ermer er fint til mange sesongar:) Det er ikkje overveldande varmt på Sunnmøre om sommaren, så det er greitt med korterma strikkeplagg. Og til vinteren kan eg vel også bruke den, eventuelt med ein gensar under. Denne er strikka frå toppen og ned, oppskrifta fann eg på Ravelry, men den vart meir fri fantasi etter ermene.
Her kan du sjå korleis den ser ut i originalversjonen. Til denne brukte eg Drops Baby Alpakka Silk.

.

3 kommentarer:

Greta sa...

Mange flott strikkeplagg her. Tenker att "svigerdattra" vart veldig fornøgd. Den prematuregenseren var jo veldig praktisk da. Den vokser jo med babyen. Flott genser og din var finere enn originalen vil eg tro.
Det kan da vere varmt på sunnmøre også om sommaren da. :0).
kos deg videre med ferie og fritid

trine andreassen sa...

Så mye fint :-)

LilleAsk sa...

Nydelig sjal du har strikket til "svigerdatteren". Fairytale er et deilig garn til sjal.