mandag 6. august 2012

Syklubben Strikkepinnens Hvile;)

Nei, eg har ikkje slutta å strikke... Men det er ikkje så mange innlegg om strikking den siste tida, ser eg! Likevel har eg gjort litt! Eg har no knabba pc-en til Musikanten, for eg må ha ein pc for å få til å blogge med bilete. Det er nokre fordelar med å feriere i Norden. Nei, eg blir ikkje brun, og eg får ikkje lest så mange bøker ved bassengkanten. Men sidan vi må tilbringe nokre timar i bil, blir det tid til å strikke innimellom! Då må det vere enkelt, helst glattstrikk på rundpinne. På den måten kan eg strikke utan å sjå for mykje ned, og då går alt så fint og flott:)

Rett før vi reiste på tur, hadde Trådkråa 20% på alt garn, og det er ei god unnskyldning for å handle! Etter å ha surra rundt i butikken på måfå ganske lenge, konkluderte eg med at eg måtte ha med meg nokre nøste Fin, ei deilig blanding av alpakka og silke, litt blank og veldig mjuk. Det vart både blå til meg og melerte til ei av jentene. Eg strikka ein enkel vest, som minstemor undervegs bestemte at storesøstera skulle få. Det var nemleg verken rett farge eller fasong til sjefen... Jaja, storesøstera tek villig imot:)

Oppskrift har eg ikkje. Her er det berre strikka etter innfallsmetoden, felt nokre masker i sida her og der oppover, og så hekla eg litt øverst, berre fordi eg hadde lyst til det. Kjekt å gjere det slik av og til:) 

Elles rydda vi på romet til Minstemor, det er spennande prosessar. Dersom eg gjer det åleine, er det lett for å miste enkelte ting i søppelposen, utan at nokon oppdagar det. Men denne gongen ville Minstemor hjelpe til, og då vert den effektive ryddeprosessen ødelagt annleis. Vi oppdaga at dokkene ikkje likar å ligge i sengene sine, for dei har ikkje madrasser. Så då strikkar mor kjapt nokre tjukke teppe som kan vere madrasser, og nokre små som kan vere dyner etc. Kjekt å bruke opp litt restar på slikt!


Ingen kommentarer: