onsdag 13. juni 2012

Sommarfestar i rad og rekke og rad og...



Sjå, kor nydelig! Barnehagen til minstemor hadde sommarfest i dag, og dei framførte ein sjarmerande versjon av Kardemomme By. Sommaren let vente på seg, det var iskald vind og 8 grader, men vi vart varme på innsida av å sjå dei flinke småtrolla våre synge og lese replikkar, og framføre eit slags skodespel;) Tusen takk til dei vaksne som gjer dette mogleg! Etter at spelet var ferdig, fekk vi pølser med brød og suppe. Smart, og enkelt for oss. Ingen middagskoking i dag!

Litt vemodig at det er slutt på barnehagelivet for familien. I dag var minstemor på førskule også. Ho var veldig fornøgd med den opplevinga.

 

Ingen kommentarer: