lørdag 23. juni 2007

Jonsok!

Dette bålet får representere jonsokfeiringa;)
Vi hadde litt for mykje vind til at bålsjefen ville sette fyr på bålet sitt, det var for nær naboane til at det ville vere trygt.
Men vi har laga rømmegraut med spekemat, grilla masse godsaker og ete store mengder sjokolade.
Gullungen er ikkje heilt frisk, ho har litt feber og er litt utilpass, men har hatt det OK likevel. Prinsessa er visst allergisk, så vi må sjekke ut med lege over helga kva vi skal gjere. Eg kjenner godt igjen symptoma, men syns det er dårlig gjort at ho skal bli plaga alt i ein alder av 4 år. Sjølv fekk eg det få eg var ca 14, og Musikanten fekk det for nokre få år sidan. SVINERI!!

Men ho er ei kjekk jente, og finn seg i at augene klør og nasa er tett. At halsen klør blir berre konstatert, og så er det ikkje meir snakk om det. Jaja.

Alt i alt må ein vel kunne påstå at kvelden var fin!

Ingen kommentarer: