Viser innlegg med etiketten gensar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gensar. Vis alle innlegg

tirsdag 7. august 2012

Gammalt nytt?

Eg har visst ikkje vist fram sjalet eg strikka til "svigerdotter" Julia. Det er ei stund sidan det var ferdig, og det er ein månad sidan ho fekk det i bursdagspresang. Men her er det:
Ho var på besøk her i pinsa og lånte sjalet mitt. Då Musikanten kommenterte at ho likte det veldig godt, kom eg fram til at eg kunne strikke eit liknande til henne. Fairytale er deilig og mjukt, og sjalet vert varmt og godt!

Elles har eg strikka to kuvøsegensarar, det kan nok bli fleire. Det er lett strikk, sjøl om eg eigentleg syns to rett og to vrang er kjedeleg. Når plagga er små, vert det overkomeleg likevel.

Her fekk ei av dokkene låne gensaren ei lita stund. Og den passar faktisk veldig godt! Oppskrifta er svært enkel, men smart. Eg trur nok at denne gensaren kan passe mange små, i ganske ulike størrelsar.
 
Gensarar med korte ermer er fint til mange sesongar:) Det er ikkje overveldande varmt på Sunnmøre om sommaren, så det er greitt med korterma strikkeplagg. Og til vinteren kan eg vel også bruke den, eventuelt med ein gensar under. Denne er strikka frå toppen og ned, oppskrifta fann eg på Ravelry, men den vart meir fri fantasi etter ermene.
Her kan du sjå korleis den ser ut i originalversjonen. Til denne brukte eg Drops Baby Alpakka Silk.

.

tirsdag 1. mai 2012

Ny gensar til meg sjølv:)

Eg trengde å strikke på litt tjukkare pinnar etter å ha gjort ferdig tunikaen Still Light. Denne passa fint til formålet, med pinne 7 og 8 går det kjapt å strikke ein gensar. Til og med for meg;) Oppskrifta fann eg i pt-design hefte 112, der er den avbilda i kvit og rosa. Men eg fann ikkje rett farge på butikken, så då vart det ganske raskt lilla. No må eg nok strikke noko litt lysare neste gong, trur eg.
Eg gjorde ei kjapp vurdering av lengda på gensaren. Eg drog den på meg før eg sette armane saman med bolen, og kom til at den vart for kort. Så då strikka eg den ca 10 cm lengre enn oppskrifta. Det passa meg ganske bra:) Gensaren er strikka i ein tråd Sumatra og ein tråd Plum.

onsdag 11. april 2012

Still Light! Endeleg ferdig....;)

Det tok litt tid, men no er eg altså ferdig med min første Still Light-tunika. Det kan hende det blir fleire, for eg likar fasongen:) Denne er strikka i min absolutte yndlingsfarge for tida, og garnet er herlige Wollmeise. Tenk om det gjekk an å kjøpe dette garnet i ein vanleg butikk, da... Desse hespene kjøpte eg av ei som hadde klart å få tak i på nettet. Det er ikkje berre enkelt, for det er mange som vil ha, slik at garnet blir røska ut av nettbutikken i løpet av svært kort tid. Ser du at fargen er flott? Og garnet er så fullt av glans, sjøl om det er 100% ull ser det meir ut som ei blanding med bomull og litt anna:)
No er det vel på tide å strikke noko anna:) Hurra, eg har hatt denne liggande leeeenge, og har blitt litt lei av å "måtte" strikke på den.... Det blir stas å starte på noko nytt!

lørdag 31. desember 2011

Islendaren er ferdig, hurra:)


Gubben min gjennom 20 år hadde lyst på ein islendar, så då måtte han sjølvsagt få det. Denne er strikka i Mitu, blanding av ull og alpakka. Om du ikkje har prøvd garnet før, er det vel verdt eit forsøk! Eg syns i alle fall at garnet er mjukt og godt, og plagga vert stødige og fine. Tunikaen min har blitt brukt flittig, og den held seg fin.

tirsdag 19. april 2011

Enkel og grei gensar!



Her har eg vidareutvikla nonstop-trøya igjen:) For nokre veker sidan strikka eg kjole med utgangspunkt i den samme oppskrifta, og no strikka eg ein gensar! Det er jo så praktisk når monteringa er "ferdig" når siste maske er felt av! No felte eg ikkje av maskene over ermane, berre sette dei på ein tråd. Så då eg var ferdig med bolen, plukka eg opp maskene igjen, la opp 6 nye masker midt under, og strikka til ermene var passe lange. Eller gjerne litt for lange;)

Det vart nokre ekstra trådar å feste fordi mottakaren (minstemor på 4 1/2 år) ville ha litt lilla på gensaren sin, så eg måtte hekle nokre kantar og strikke litt lilla på ermene. Det gjorde at monteringsarbeidet vart tredobla:)

Garnet er Angora-Tweed frå Drops.

fredag 31. desember 2010

Siste innspurt i 2010!

Eg har fullført samtlege strikkeprosjekt i 2010! Det er nesten fristande å ikkje starte på noko nytt i kveld;) Men det kjem eg nok til å gjere likevel...
Nyttårsrakettene har så vidt starta å smelle utanfor, men vi er nokså nyleg ferdige med middagen og skal slappe av litt før vi vågar oss ut i vinden og regnet. Det er rett og slett ikkje triveleg ver ute i dag, og det er kanskje ikkje heilt smart å sende opp fyrverkeri.

No har eg endeleg gjort ferdig ein tunika/lang genser til Prinsessa. Eg starta på den i oktober, men vart lei... Så kom eg på at det ville sjå bra ut å gjere den ferdig same år som eg starta;)

Oppskrifta fann eg i eit blad, og eg har brukt samme garn og fargar som i oppskrifta. Sisu er ikkje så dumt, eigentleg.

Og så må eg strikke nokre luer... Denne vart strikka i går, då var vi fyrst på besøk hos ein svoger med familie, og etterpå hadde vi besøk med film heime. Faktisk tredje filmkveld på tre dagar:) Fyrst såg vi Salt, med Angelina Jolie, og så har vi sett film nr 2 og 3 i Millenium-serien, Stieg Larsson sine bøker. Tre dagar med to sterke damer på film, om enn litt ulik stil. No snakka eg meg vekk. Det var lua eg skulle fortelle om: Den er strikka i Freestyle, etter innfallsmetoden igjen. Den er passe til eit barn, kanskje alderen 9-12 år? Prinsessa har nok luer, så dette vert vel ei lue som får ligge litt på vent. Kven veit, kanskje nokon treng ei slik?

Den neste lua er strikka på bestilling. Ein kollega har bestilt denne, både farge og type, og eg har prøvd å etterkome ynskjet. Håper den vart slik ho såg den for seg! Eg brukte Freestyle på denne også.

No er det kun få timar att av 2010. Kanskje blir det ei oppsummering i morgon?

Eg vil ynskje alle eit godt nytt år! Håper 2011 vert fantastisk!!

fredag 7. november 2008

Barnehagegensar

Det har teke ein del tid å få blogga denne gensaren... Det er vel ei veke sidan den var ferdig, men så måtte eg jo feste nokre trådar, stikke ein liten tur til London og elles la kvardagane flyge av garde.

Gensaren er strikka i Rauma finull, det er ein av mine favorittar til barnehagebruk. I utgangspunktet var minste størrelse 4 år, men eg har krympa den ørlite slik at den passar litt betre til 2åringen...

Rauma finull er å anbefale til slike plagg. Dei held fasongen, dei er lune og varme uten å bli klamme. Eg syns i alle fall at superwash har lettare for å bli klamt. Men det er sikkert ulike erfaringar med det:)

Fargevalget er gjort med tanke på å bruke restegarn til m.a. leggvarmarar til prinsessa. Ho ville så gjerne ha mørk rosa leggvarmarar, så då må ho berre få det!!

mandag 22. september 2008

Gensar til prinsessa;)

Supersalg på Topp t´tå-garn nylig medførte ein auke i garnkassene mine. Dermed måtte det verte eit prosjekt med litt størrelse. Prinsessa treng vel ikkje akkurat ny gensar, men det er kjekt å strikke...

Denne gensaren er ei blanding av fleire oppskrifter (som det ofte vert med meg), og litt ulike fargar måtte eg også ha. Den er så lang at den er nesten kjole, noko som i teorien passar bra til alle tights som fins i huset.

Eg tenkte at lilla, rosa og grått er fine fargar ilag. Og syns faktisk at resultatet vart OK.

Men som alle veit: prinsesser har eigen vilje... Og etter at eg nesten pressa jenta til å ta på seg gensaren, forkynte ho at den var "ikkje noke fin. Kanskje viss det hadde vore mørkerosa der den er grå.." Men kjem mor til å rekke opp att gensaren for å etterkome slike ynskje? Neppe:)

Slik låg gensaren etter at prinsessa forsvann på den kvite hesten. Og ikkje tru at ho står stille og tafatt og ventar på ein prins!!

Jaja.

mandag 12. mai 2008

Gensaren er ferdig

Hurra, eg er ferdig med monteringa av gensaren! No skal Prinsessa få ny gensar. I alle fall til hausten, vi får håpe at det ikkje er store behov for tjukke strikkagensarar i sommar!!
Garnet er Rubin superwash, og oppskrifta fann eg i eit hefte frå mange år tilbake: Dalebarn nr 51. Eg gjorde nokre endringar, både i fargevalg og halsopning, men det er etterkvart ganske vanleg....

Innimellom vert det nokre fleire kjøkenklutar også:) Denne er strikka av Tuva, ei gåve frå min hemmelege venn i april.


Kan vi håpe på ein betre sommar i år enn i fjor? I fjor var det vel OK ver av og til fram til fellesferien, men frå andre veka i juli og ut året var det fryktelig kjedeleg ver! No har vi hatt ei fin periode. I dag var det kald vind, men sola varmar:) Så i dag har vi vore på badestranda! Utan å bade, sjøl om vi såg nokre tullingar som bada;)
Jentene har kosa seg med å grave i sanden og erte bølgene. Er ikkje dette ei nydelig strand, vel?

mandag 18. februar 2008

Gensar til prinsessa mi:)

Det vart gensar til prinsessa mi i dag:) Ho må nok vekse nokre cm før den er passe, men det er heilt ok.

Eg har brukt eit par-tre oppskrifter som utgangspunkt, og så har eg moderert dei til å verte ca slik eg ville ha dei. Det var ikkje så lett å finne den perfekte oppskrifta til Noro Kureyon, men dette fungerer. Eg er ikkje glad i å montere, så raglanfelling kom langt opppe på ønskelista denne gongen.
Er ikkje fargane lekre, da?

Dette er så langt eg kom på hekleprosjektet mitt denne gongen. No har eg resignert, rekt opp att så langt eg fekk det til, og bestemt meg for å heller strikke eit lilla skjerf av alpakkagarnet. Eg fekk krampe av å dille slik med heklekroken, eg trur eg er for utålmodig...

torsdag 6. september 2007

Endeleg ferdig med gensar!

Det har gått litt tregt ei stund her, men no er gensaren ferdig!
Fargane er litt rare på dei fyrste bilda, rettare på dei siste...

Den er strikka i Inca alpakka frå Rauma, deilig garn! Her er eit bilde av nakken, med to søte knappar i splitten.

Eg måtte jo prøve å få eit bilde av mottakaren i gensaren, men ho syntes det var kjekkare å stikke av:)