torsdag 31. desember 2009

Ny lue til meg sjølv!



Garn i julegåve er ein god ting. Faktisk er det ikkje så ofte det har skjedd, med unntak av dei hemmelege venene eg har i Hobbybodet, der eg sender garn til ein annan hemmeleg ven;)
Men i år fekk eg to nøste svart Bris, og ettersom pinnane vart tome, vart det mjuke Bris-garnet plukka fram. Det tok eit par forsøk før eg konkluderte... Men det vart etterkvart klart for meg at det var ei lue eg skulle strikke. Eg laga fyrst ein kant, med perlestrikk over 19 masker. Fram og tilbake nokre gongar, ja. Og når det var langt nok til å brukast som panneband, plukka eg opp masker langs kanten. Deretter vart det litt tilfeldig... Enda ei "i haudet mitt-oppskrift"


Det gjekk med litt over eit nøste Bris.


tirsdag 29. desember 2009

Ein skulle vøre 4 år i romjul, eller 3?


Ein koselig tradisjon er å gå julebukk. Eg likar det mykje betre enn halloween, der ein stort sett skal skremme folk, kreve godteri og elles sjå ekkel ut. Vi gjekk også julebukk då vi var mindre. I år fekk mine to vere med saman med nokre andre jenter som hadde kledd seg som smånissar. Mine to har ikkje nissedrakt, men dei har til gjengjeld skikkelege nisseluer og raude kåper. Flotte vart dei i alle fall.

Det var ei fin stund! Alle jentene var ivrige, dei song sjarmerende og fint, og hadde eit repertoar av julesongar som kunne imponere ei mamma eller tre. Kvart hus dei besøkte kunne by på anten frukt eller godteri, og vi såg ingen sure miner. Berre smilande huseigarar som syntes borna var søte;) Vi mødrene var einige, der vi stod litt diskret i bakgrunnen, gjerne ute av syne.

Utanfor ei dør tok jentene ei rask rådslagning: Kva song skal vi synge her? "Nå er den heldige time", meinte ei av jentene. Snakk om å treffe blink! Det må vere årets heldigaste time, når du får lov til å gå frå dør til dør og få godteri! Eg trur ikkje jentene forstod kva vi mødrene syntes var morsomt...

Nye vottar til Prinsessa


Nye vottar, utan oppskrift, også kalla "I haudet mitt-oppskrift". Garnkorga mi har framleis ein del restar av Rauma Finull, og det må eg jo gjere noko med! Desse vottane strikka eg ca slik at dei passa til meg, og så tova eg dei ganske hardt for å få dei passe til ei Prinsesse på snart 7 år... Dei vart ikkje så verst;)

Brettspel er gull!


Alle burde ha ein kveld i ny og ned med brettspel. Eg er så heldig at eg har ein svoger med stor interesse for brettspel, og han har mint oss andre om kor kjekt det kan vere å ta seg tid til å spele eit uhøgtideleg spel. Nokre er veldig glade i Trivial Pursuit eller Geni etc, der du må kunne svare på ei drøss spørsmål. Eg er mest glad i spel der også ein dose hell kan spele inn. Det gjer det litt lettare å tole å tape... Kanskje....

Vi har ikkje så mange spel, men ein av favorittane er Ticket to Ride. Prøv! Ypperleg aktivitet i romjula, men også elles i året:)

mandag 28. desember 2009

18 år som frue:)



I dag har vi 18 års bryllupsdag! Det er ikkje så ille, eigentleg. Mange ekteskap held ikkje så mange år!
No prøvde eg å sjekke om det er noko namn på 18-årsbryllupsdag, men fann ut at det ikkje er noko bestemt namn på denne. Eg får vere tolmodig eit par år til, då er det porselensbryllup...

lørdag 26. desember 2009

2.juledag:)


Musikanten hadde lyst på pulsvarmarar. Det måtte han sjølvsagt få. Så eg strikka litt i smug på dei, utan oppskrift men med ein liten ide om korleis dei skulle bli. Då dei var ferdige rett før jul, kunne eg ikkje blogge dei, sidan han av og til er inne på bloggen min:) Så då gløymde eg heile pulsvarmarane. Heilt til gjestane hadde gått heim julaftan, og roa senka seg såpass at eg såg i strikkekorga mi... Der låg dei jammen heilt stille og sa ingenting, men eg kunne sjå at dei var rimeleg fornærma over å bli liggande der gløymde! Ikkje fekk dei papir og band, eingong!

Men dei har ingen grunn til å vere fornærma lenger, for dei er alt mykje brukte. Og Musikanten skryt uhemma av at det er så varmt og godt på hendene.

Eg brukte Raumagarn, type Finull og noko liknande;)

fredag 25. desember 2009

1. juledag

Må berre vise fram nokre små glimt frå den store svigerfamiliedagen:) Vi har alltid familiebrunsj hos svigers 1. juledag. Det er både hyggeleg og godt, og dessuten likar borna alltid å få vere saman med syskenborna sine. I dag har dei kosa seg både inne og ute, vi var på ein spasertur rundt den nye lysløypa på Leikongeidet. Det var litt meir snø der enn hos oss, og kaldt og fint. Målaren viste 5-6 minus, og det er kjøleg på Sunnmøre.

Vi har både katt og kanin, og har trudd at kaniner burde vere redde kattar. Her i huset er det omvendt. Katten er redd kanina, utan at vi veit om at kanina nokon gong har gjort noko som burde gjere han redd. I dag stod dei lenge og hadde stirrekamp, og brått gav katten seg og stakk... Igjen. Pysepus!

24. desember

Jul er ein fin ting. Det er ein av dei finaste tinga eg kan tenke meg akkurat no:) Vi har god tid ilag med familien, og kosar oss med gåver og god mat. Her er eit lite utval av både det eine og det andre... Sidan eg har fått kamera i julegåve frå min kjære, gubben, vert det nok ein del bilete framover! Det er eit Canon 500D, og eg har førebels ikkje peiling på effektar etc.

Legg merke til alt garnet som du ser på bildet! Det er ei gåve frå ein hemmeleg ven i hobbyboden, og eg klarte å vente heilt til julaftan med å opne den. Det var godt gjort, skal eg berre seie deg! Og for ein pakke! Haugar av trådnøste ramla utover då minstemor ville hjelpe meg med å opne. (Ho var nemlig ferdig med alle sine pakkar, og var ivrig på leit etter fleire...)
Tre nøster Viking Sportsragg, to nøster Ida strømpegarn, tre nøster Tresko, to nøster pt2, to nøster Sandnes alpakka. Hallo, det er 12 nøster!! Og som ikkje det var nok, fann eg også to søte små nissar og eit hjerte til å henge på juletreet. Tusen takk, Kristinaler!

Elles går det mykje god mat desse dagane. Eg tenkte eg kunne vise fram korleis eg henger opp julekorta mine, dei får nemlig hedersplass på trappevangen i stova. Jentene har adventskalenderpakkar hengande i eit raudt silkeband i trappa. Og etterkvart som dei plukkar ned pakkar, vert det ledig plass til å henge opp julekort. Smart? Og lett synleg!

Elles har eg fått ei geit i julegåve i år. I tillegg til ein del anna, meir tradisjonelt:) Frå systra mi fekk vi altså ei geit, eller vi er "eigarar" av ei geit som kanskje nokon annan får ha nytte av, til dømes i Afrika. Vi fekk også ein engel laga av ungdomar i Zululand. Dei lagar englar av gamle brusbokser. Sjarmerande julepynt på treet mitt.

torsdag 24. desember 2009

God jul!

Til alle som måtte kome innom bloggen min på besøk: Ta med deg ein klementin frå fruktskåla, og gjerne ein sjokoladebit. Kos deg i jula!!


GOD JUL!!

tirsdag 22. desember 2009

Juleferie!

Vi har ferie! I alle fall 4 av 5 husstandsmedlemer... Borna og mor har ferie, pappa må på jobb i morgon også.

I dag hadde vi ein fin dag på jobb, det må eg innrømme. Fyrst var eg med på å dekke bord og planlegge middag for alle tilsette, så var eg med ei klasse i kyrkja på skulegudsteneste. Deretter var det ein snartur innom klasseromet for å sende elevane heim, før vi kunne sette oss til bords og ete god julemiddag med alt som skal vere med. Det var ei fin stund!

Eg har ikkje gjort så mykje som eg skulle ønske før jul, men det har vi vel sjeldan... Både i går og i dag hadde vi besøk, og det gjer at det ikkje vert vaska den stunda! Derimot er det mykje koseligare å ha nokon å skravle med... I morgon har eg ei lang liste: Juletreet skal inn og det skal pyntast, eg må gjere klar den siste julegåva, handle blomster, stova og kjøkenet må ha ein grundig vask, eg skal tøme oske i omnen, vaske litt klede, legge på nokre raude dukar og henge opp litt julepynt. Hmmm, rekkefølga vart faktisk nesten så feil som den kan bli her... Men eg skal i alle fall ha ting gjort!!

Dagen er lang, ja? Ikkje når du har ei farmor som fyller 96 år og skal ha bursdagsselskap klokka halv seks:) Men eg må vel berre kome meg opp om morgonen slik at eg klarer å få unna ein del av det eg har tenkt! Og så vert det nok vasking og herjing etter leggetid for jentene i morgon, ja.

Burde gjerne levert borna på barnehage og SFO, men det har eg sagt at dei ikkje skal. Dei vil også ha ferie no... Så no er det best å legge seg, så eg har litt energi til i morgon. Forresten er det som oftast ikkje energien som er problemet, men tida...

mandag 21. desember 2009

Disney-jul?


Kanskje er det ikkje Disney sine teiknefilmar som er viktigast? Eg trur nok at det aller viktigaste for mange er å få med seg Tre nøtter til Askepott...



søndag 20. desember 2009

Tante;)

Hei i dag også! Kjekt at du ville stikke innom på besøk. I dag vil eg vise deg det viktigaste som har skjedd den siste veka, truleg i heile verda:) Den fantastiske systra mi, nr 3 i syskenflokken, har fått ei stor jente! Det sa eg frå om på tysdag, men i dag har eg med bilete. Det er ikkje all verdens kvalitet på MMS-bilde, men det er ikkje så nøye...
Sjå her korleis ho såg ut på tysdag, ganske så nyfødd.
Onsdag var ho litt mindre raud og rynkete;)


Og i dag fekk dei endeleg lov til å reise frå sjukehuset. Ho måtte få litt ekstra lysbehandling før dei fekk stikke heim. Ho er like søt som eg visste at ho kom til å vere! Det er ikkje tilfeldig at eg berre omtalar henne som "ho", for foreldra har ikkje blitt enige om kva ho heiter enno... Systra mi har vore sløv i oppløpet, fedrene går vanlegvis med på kva som helst dersom du spør midt i fødselen ein gong!

lørdag 19. desember 2009

Julefreden senkar seg gradvis:)

I dag har det vore full aktivitet heile dagen, det er mykje som skal på plass før jul! Dei siste julegåvene er no omtrent i boks, mesteparten av huset har fått ein god omgang med vatn og klut, eg har fått frisøren til å hjelpe kriseområdet øverst på hovudet:)

Frå barnetv-tid har vi hatt ein ekstra gjest i huset, og det har vore ei fryd. Det er Prinsessa som har overnattingsbesøk, og dei har leika seg så fint! Minstemor får ikkje vere med, men vi laga pizza til gjengen så ho var opptatt med det ei stund. Det brukar å vere kjekt å hjelpe på kjøkenet. Hjelpa inneber som oftast at eg må lage litt ekstra deig, og ha nok ost. Begge deler forsvinn nemlig kjapt inn i munnen!

I kveld vart leggetida litt seinare enn normalt for alle tre, men dei to store la seg ganske sjølv etterkvart. Dei var nok litt trøytte.... No søv dei søtt, under same dyne i den breie senga til Prinsessa.

Det er hyggeleg med ekstra gjestar, særleg når dei er høflege og veloppdragne. Det er denne gjesten:)

fredag 18. desember 2009

Det er vinter, og snart jul:)

Dette er litt annleis enn dei siste åra! Eg har notert i ei julebok at det har vore mykje regn fram mot jul dei siste åra. Og i år slår det til med kaldt og ganske fint ver:) Fint i denne samanhengen betyr gjerne litt snø, det er ikkje mykje sol uansett... (Sola er berre så vidt oppe nokre timar, ca 6 timar, trur eg.)

Men eg blir ganske fornøgd når det er kaldt, opphaldsver eller lett snø, og vi kan glede til jul medan vi fyrer i omnen!

No er det ikkje så veldig lave temperaturar, men for Sunnmøre er dette ganske kjøleg. Nok for meg:) Berre sjå kva yr.no lovar:

I morgon 19.12.2009
0° Skya.

Sundag 20.12.2009
-2° Delvis skya.

Måndag 21.12.2009
-5° Snø.

Tysdag 22.12.2009
-5° Delvis skya.

Onsdag 23.12.2009
-4° Snø.

Torsdag 24.12.2009
-3° Snø.

Fredag 25.12.2009
-3° Snø.

Laurdag 26.12.2009
-4° Skya.

Ein ytenlandsk julesong, kanskje??



Denne er så nydelig at det går rett på tårekanalane når eg er i rette humøret. Og heime åleine. Med cd-en på full styrke. Det er verkeleg ei lita tåreperse, dette her!

torsdag 17. desember 2009

Min aller finaste julesong



Det er knapt noko som gjev meir julestemning enn ein fin julesong. For meg er visst songen direktekobla til nokre nervetrådar, det går i alle fall rett inn i hjartet:)

Deilig er jorden er mykje brukt som allsong i desse dagar, og i dag var eg på kommunestyremøte der denne var allsong ved starten av møtet. Fin start på eit langt møte.
Saklista var ikkje så veldig lang, men når budsjettet er siste sak tek det jo litt tid... Møtet starta alt kl 16.00, nettopp fordi møtet brukar å bli langvarig. Vi var ferdige klokka 22.30. Jaja, vi hadde det ikkje så ille, det var til og med middag midt i møtet: Ei diger panne med nydelig brennsnut. Skikkeleg god var den, rett og slett!

Og etterpå fekk vi klementinar og Twist. Dessverre var KrF sin representant like glad i Cocos-bitane som eg er.... ;) Men eg fekk Banan, det får eg aldri heime, for her vinn jentene kampen om den!

tirsdag 15. desember 2009

Bellas mittens!



Eg er ikkje den fyrste som har strikka desse:) Og heilt sikkert ikkje den siste heller... Eg strikka fyrst ein vott der eg gjorde som oppskrifta sa. Men eg har ikkje lyst på vottar som rekk heilt til albogen. Så systra mi fekk lov til å rekke den opp att:) Deretter strikka eg eit par som var kortare, meir som vanlege vottar.
For meg er dette nok lengde. Eg strikka dei i Alfa, og det vart att berre 5 gram frå dei to nøsta. Godt tilpassa, med andre ord!


Elles kan eg nemne at eg har blitt tante igjen i dag! Det vart ei jente, og eg har sett eit lite bilde av henne. Men det er alt som skal til for å bekrefte verdas nydeligaste baby:)

søndag 13. desember 2009

Medan vi ventar på Sølvguttene på tv

Inspirert av gårsdagens konsert med dei magiske Nordic Tenors, fann eg ein youtube-versjon med Nordic Tenors og Sølvguttene! Dei tok del i Kongen og Dronninga sin felles 70-årsfest for nokre år sidan, og eg syns dei er søte:)

To konsertar på litt for kort tid

I dag (eller i går, ettersom det er over midnatt no) var vi ultrakulturelle!

Vi starta med å besøke svigerforeldra mine, der vi kunne avlevere to småstore prinsesser som skulle overnatte der, og besøke julemesse i det tome butikklokalet i kjellaren. Litt kos å få med slikt også.

Deretter køyrde mannen min og eg til Ørsta, der vi var på ein fantastisk konsert med Nordic Tenors. Dei er flotte karar, dei syng himmelsk, og er morosame i tillegg. Det kan knapt bli betre:) Her er heimesida deira.




Konserten var ferdig klokka farleg nær halv ti, og halv elleve skulle eg i teorien vere klar til å synge med Hareid kammerkor på Julenattine i Herøy kyrkje. Litt i overkant av ein time er jo god tid. Men det tek jo nesten ein time å flytte seg frå A til B.... Så det gjekk i god fart, kan du seie;) Vi kom fram i tide til å sjekke oppstillinga og finne ut kva som var planlagt!

Julenattineen gjekk fint, det var ei roleg stund med mykje variert musikk. Det vart litt langvarig etter min smak, men det var godt program, så då er det vel greitt. Det var Herøyhorn, eit korps for vaksne, som arrangerte konserten. Takk for i kveld;)

fredag 11. desember 2009

Nytt midt i desember


I går var det storsamling på ein av skulane i kommunen. Eg var der fordi eg skulle hjelpe ein ny elev med å forstå opplegget. Det er ikkje så lett å begripe kva som skjer når du har vore tre veker i Noreg og kjem frå Afganistan. Vi hadde ei fin stund, og eg trur han kosa seg også;) Det er dessuten ikkje så ille å vere publikum når alle elevane på skulen samlar seg på scena og syng julesongar. Rett og slett vakkert, både å sjå og høyre.


Nokre kreative kollegaer laga adventskalender for dei tilsette på skulen "min". Eg fekk den største pakken!

Gjett om eg vart overraska og imponert over å få ein sydvest! Kult, eller?



Elles har Hareid hatt eit lite prosjekt for å skaffe kommunale oljemidlar;)
Eller så var det berre ein oljerigg som trengte ei overhaling... Uansett vart det styr av denne riggen. Den er vakker å sjå på om kvelden, det er nesten som ei diger julegran rett utanfor hamna. Men dessverre ødela den fiberkabelen mellom Ålesund og Hareid. Dermed har det vore store vanskar med internettet for mange i lokalområdet. Selskapet som eig riggen skal visst betale for ny sjøkabel. Dyr "julegran"!

No er forresten opphaldet slutt, i dag dro dei sin veg:)

I denne søte juletid


No er det tid for allslags søte saker, ikkje sant?

Eg kosar meg med å lage småkaker og anna snop, når berre tida strekk til...
Peparkaker er sjølvsagt med, og jentene er gode hjelparar når dei skal dekorerast. Eg har mi fulle hyre med å halde dei i arbeid i ei stor nok grad til at dei ikkje rekk å ete opp alle sjokoladane før dei kjem på plass;)

Elles har eg laga Mozartkuler. Eg reknar med at dei fleste har smakt det? Det er så enkelt å lage! Eg kjøper Anton Berg nougat og marsipan. Ein liten bit, kanskje som ei stor, firkanta ert, skal pakkast inn i marsipan. Dersom du lagar ei kule og klemmer den flat, er det lett å pakke nougaten inn i marsipanen. Trill lett, så du får ei rund marsipankule.

Etterpå er det berre å smelte kokesjokolade i vannbad, og rulle kulene i den varme sjokoladen. I fjor gjorde eg ein tabbe då eg la kulene på ei brødfjøl. Etter at sjokoladen stivna, vart det nesten uråd å få dei lause frå fjøla. Så no har eg lært å legge plastfolie på underlaget.

Kulene vert oppbevart i kjøleskapet, i ei tett boks.

Yummy!

torsdag 10. desember 2009

Verdens beste vottar?


Vottane mine er ferdige, og enn så lenge er dei det beste votteparet verda har sett. I alle fall svært lokalt... Oppskrifta er frå Strikk og tov 8, eit hefte frå Rauma/pt-design. Garnet er mørk turkis Rauma Finull. Eg var lydig mot oppskrifta, og måtte tove vottane 3 gongar før dei vart små nok til meg. Utgangspunktet var kjempestort! Eg var usikker på om dei ville vere moglege å tove nok til å passe til meg. Men to omgongar på 40 grader og ein omgang på 50 grader, kvar gong saman med andre klede, gjorde susen.

Vottane er gode og varme, har god passform og vil varme anten mine eller andre sine hender:) Eg er ikkje sikker på kvar dei endar enno...

mandag 7. desember 2009

Førjulssamling i biblioteket

I dag prioriterte eg heilt rett. Vi var på biblioteket og høyrde (og såg) ei ny barnebok. Det er ein lokal forfattar som har skrive boka "Jon og den lange julenatta", og det var forfattaren sjølv som las. Ho heiter Hilde Myklebust, og borna sat stille som mus og høyrde. Samtidig fekk dei sjå dei flotte illustrasjonane frå boka på storskjerm. Etter opplesinga var det juleverkstad, der borna fekk kose seg med glitterlim, stjerner og englar.

Etter halvannen time måtte eg berre levere jentene heime og dra på korøving på direkten. Vel framkomen oppdaga eg at eine buksebeinet var flott dekorert med glitterlim i ulike fargar;) Eg vart også pynta! Klar til jul....

Det var i alle fall verdt det, å ta turen til biblioteket. Det er godt å ha nokre små pustehol i adventstida, det vert brukt nok tid til å vaske klede og hus.

søndag 6. desember 2009

2.søndag i advent


Det lir og lakkar mot jul. I dag har vi tent to lys i adventsstaken, men eg brenn mange fleire rundt i stova elles.

Minstemor har vore sjuk i mange dagar, og no trudde vi at ho var frisk. Det vart kanskje ikkje heilt rett. I alle fall har ho vore i dårlegare form i dag, og vi droppa derfor ein adventsmarsj som skulle vere avslutning for turngruppa. Det vart sikkert ei fin stund for dei som gjekk. Dei skulle møtast kl 15.15, og då er det alt litt skumring. Borna og foreldra vart oppmoda om å ta med faklar eller lykter, og det var sikkert mørkt før dei kom heim.

Eg har laga litt meir julekaker i dag. Det vart kokostoppar og kransekakestenger. Det er gode greier:) Og begge deler er glutenfritt...

lørdag 5. desember 2009

Den store julegåvehandledagen

I dag har eg kosa meg. Det kom litt brått på, men det passa plutselig så godt at eg vart med Musikanten over fjorden. Han skulle på eit møte, og eg kunne "vente" på Moa, der det er ein stor haug butikkar. Det du ikkje finn på Moa, er nesten ikkje verdt å leite etter...

Eg hadde tenkt å ta turen til Ulsteinvik, men det er langt meir effektivt å vere like mange timar på Moa, der alt er så utruleg konsentrert.

Lista var klar, det var mange gåver som skulle ordnast! Eg har ikkje gjort alt ferdig enno, men det er ikkje mange som står att heller. Og eg har ein plan for dei siste. Så dette er i rute:)

Eit av punkta på lista var å kjøpe nye cherroxar til Gullungen. Det fann eg. Men eg hadde nesten lyst til å kjøpe desse korte støvlane også;) Ikkje at det var så praktisk, men dei var så übersøte! Eg måtte berre ta eit bilete, saman med eit par større barnestøvlar. Dei små er i str. 20, så dei er svært små!

fredag 4. desember 2009

Desemberlue


Dette er vel den enklaste lua eg har strikka på lenge! Det gjekk i alle fall fort:) Og dusk vart det også, eg er spent på om prinsessene likar den. Den er ikkje rooosa, så det er ei utfordring der.

Lua er strikka på pinne 10, med tredobbel tråd Lerke: Ein lys grå, ein lys lilla og ein lys rosa. Det vart eit passe melert resultat, i ein diskret farge.

Du kan finne oppskrifta her.

torsdag 3. desember 2009

Regine Stokke er død

Bloggen til Regine Stokke som eg har skrive om ein gong tidlegare, her, vart oppdatert i ettermiddag. Det var veslesøstra til Regine som fortalde at Regine døydde i dag. Ho har vore veldig dårleg, men likevel heldt fram med å oppdatere bloggen sin. Det er sterkt å kome så nær ei ung jente med ein svært alvorleg kreftsjukdom. Kondolansene haglar inn, no var det nær 6000 svar på innlegget. Det betyr at Regine var viktig for svært mange!

Brann på ekte!


Eg har aldri trudd at eg skulle få oppleve ein ekte brann! No gjekk det bra, men det var jammen ganske spennende medan det stod på.

Vi var på jobb, elevane var heime, og vi hadde pedagogisk samling for lærarar og denslags på lærarromet. Klokka var omtrent ti på tre då brannalarmen slo inn. Vi har opplevd det mange gongar, og det har alltid vore anten ei øving eller ein falsk alarm. Så vi reiste oss, kommenterte at vi får vel gå ut... Eg registrerte at det ikkje var snev av røyklukt, og henta jakka mi før eg spaserte roleg ut. Dei andre kom like roleg, stemninga var god. Så var det brått nokon som ropte "det brenn faktisk!" Og då vart det litt anna fart på folket!!

Vi har ein stor skule, i eit langt bygg. Læraravdelinga er i den eine enden, medan SFO har base i den andre enden. Borna på SFO var raskt ute, og klarte "testen" veldig fint. Det viste seg at det var brann i ei garderobe i etasjen over SFO. Vi var ikkje imponert over brannslangen, det var nesten ikkje trykk på den! Sjølv om det såg ut som berre ei jakke som låg på ein benk og brann, tok det ei lita evigheit å få sløkt. Eg var ikkje inne igjen og sjekka etterpå, men eg var med på å halde slangen ei ørlita stund. Eit par av dei flotte kollegaene mine måtte nok sjekke seg hos legen etterpå, dei var svarte av sot i ansiktet, rundt nasa og munnen. Ei av dei fekk dundrande hovudverk, hoste og tung pust etterpå. Legen meinte at dersom det hadde vore giftig røyk, ville vi ha svimt av raskt, så dette var "berre" irriterende for lungene.

Borna fekk sjå to brannbilar med blålys, men ikkje sirener. Då dei kom var nemlig brannen sløkt;)

Den aktuelle delen av skulen stinka av sur røyk. Eg er spent på korleis det er der i morgon.

Og kva gjorde at det tok til å brenne? Eg veit ikkje, men eg konkluderer med at det ikkje er nokon varmekjelder der, ingen omn på veggen etc. Jakker skal ikkje ta fyr av seg sjølv. Mange elevar kunne gå inn i garderoben i løpet av tida før det vart brann.

Eg håper inderleg at årsaka vert klarlagt fort. Dersom det er nokon som har hjelpt til i å lage varme, må dei avslørast!


Eg sneik meg inn dagen etter for å ta bilde:)

onsdag 2. desember 2009

Når en pepperkakebaker baker pepperbakekaker...

Hei og hå, det er snart jul i heimen! No er peparkakene på plass. Ok, dei er ikkje i boks enno, men det er berre fordi dei skal få vente til dei er skikkeleg kalde. Vi har hatt eit lite minibakeri på kjøkenet i kveld, og det vart både peparkaker og peparnøtter.

Peparkakene er henta frå sunnmørsbakaren i Lom, Schakenda, sitt arkiv:)

I teorien kunne vi ha baka på dagtid, for minstemor var sjuk og eg måtte vere heime. Men ho var rett og slett skikkeleg sjuk, slik at eg måtte site med henne på fanget og trøste når magen var på det vondaste. Utpå dagen letta det litt, og då pappa kom heim kunne vi med godt samvit sette igang på kjøkenet.

Midt på dag måtte eg låne inn svigerforeldra mine til å vere barnevakt, for det var eit møte eg berre MÅTTE på. Det er spennende å møte nyankomne born, rett frå Afghanistan, og skulle prøve å presentere alt dei treng å vite om norsk skule og kvardag i løpet av ein times samtale med tolk på telefon! Det gjekk bra, eg er optimistisk med tanke på framtida deira i landet.
Og for kvar gong eg gjer dette, er det kanskje litt mindre nifst? Kanskje....

tirsdag 1. desember 2009

Vil du også vurdere å gje blod?

Søndag såg eg på nyheitene at det igjen var stor mangel på blodgjevarar. Tidlegare har eg ikkje tenkt så alvorleg på det, men no har eg hatt kontakt med både mitt lokale sjukehus og arbeidsgjevar for å sjekke om det går an for meg å bidra litt. Det kostar så lite, eg har jo nok av blod, og andre kan ha altfor lite i ein akutt situasjon. Og det kan vere eg som treng ein gong.

Litt tilfeldig kom eg innom ein blogg som fokuserte på det same. Her kunne eg lese at det er ein bloggaksjon på gang, for å reklamere for sjansen du har til å hjelpe andre.

Dersom du er frisk og kunne tenke deg å prøve, er det meir info å finne på Giblod.no.

Kanskje vi kan hjelpe nokon?

Tenn lys!

Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne jorda vår.
Den blanke himmelstjerna
der vi og andre går
omkring og deler vona
at gode ting skal skje.
Må jord og himmel møtast.
Eit lys er tend for det.

Tenn lys!
To lys skal skine
for kjærleik og for tru.
For den som syner omsorg
og alltid byggjer bru.
Må flyktningar få heimar
og fangar bli sett fri
Tenn lys for dei som gret
og for dei som trøyst kan gi.

Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må sloss
for rettferd og for fridom
og som treng hjelp av oss.
Må vi få til eit samfunn
der alle folk er med.
Tenn lys for dei som strider
for fridom, rett og fred.



Tenn lys!
No strålar saman
dei fire lysa klårt
for han som elskar alle
og kjenner livet vårt.
Tenn lys for himmelkongen
som gjetarflokken såg
for jord og himmelbarnet
som i ei krybbe låg.