onsdag 15. april 2009

Livet. Og døden.

I dag ramla eg innom ein blogg, og ramla vidare til ein annan. No har eg lese lenge, og tårene har trilla.

Her er bloggen som fekk tårene til å trille mest. Det er truleg fordi eg brukte mest tid der. Sterke glimt frå ei lita familie som no består av mamma og Johanne, etter at pappa døde av kreft for nokre få månader sidan.

Det er ikkje mindre sterkt å lese her. Regine Stokke er oppgitt av legane, og reknar ikkje med å oppleve 18-årsdagen sin.

Det er også ei støttegruppe for Regine på Facebook.

1 kommentar:

Monicas sa...

ja det var sterkt lesestoff..livet ska ikke være enklet....ha en fin dag du da....