søndag 11. september 2011

Snart er det på tide å stemme! Godt val!

Ein skule for kunnskap og like moglegheiter krev fagleg sterke lærarar.
Difor vil Venstre gje alle lærarar tid og ressursar til fagleg påfyll
gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. Vi vil ha ein god skule
for elevane, difor satsar vi på læraren.


Venstre vil:
• at alle lærarar skal rett og plikt til etter- og vidareutdanning.
For oss er dette den viktigaste prioriteringa i norsk
skule.
• innføre femårig allmennlærarutdanning og auke opptakskrava.
• fjerne tidstjuvane i skulen: Gje lærarane høve til å bruke
meir tid på elevane, og mindre på byråkrati.
• auke innslaget av andre yrkesgrupper i skulen, og gjennomføre
eit løft for skulehelsetenesta.
• auke norsk forskingsinnsats til tre prosent av BNP innan
2013.

Vi meiner at eit velferdssamfunn vert best målt etter korleis vi tek vare
på dei svakaste. I Noreg er det ikkje lenger viktigast å gje meir til alle,
men å hjelpe einskildmenneske som verkeleg treng det.

Venstre vil:
• styrke kommunane og gje dei større ansvar for helse- og
omsorgstilbodet.
• satse på førebyggjing, mellom anna ved å styrke primærhelsetenesta.
• gje sjukeheimsplass til alle som treng det, og styrke
kvaliteten i sjukeheimane.
• etablere nye, styrka institusjonar i kommunane som kan
avlaste sjukehusa, samt fleire rehabiliteringsinstusjonar.
• ta i bruk konkurranseutsetjing for å sikre brukarane og
styrke kvaliteten på omsorgstenestene
• satse på eit kvalitativt godt barnevern ved å overføre ressursar
frå BUFetat sine regionkontor til den kommunale
barnevernstenesta.
• etablere lågterskeltilbod på kommunenivå for psykologisk
behandling utan henvisning.
• tilby rusavhengige behandling innan 24 timar etter avrusing
og utvide tilbodet innan medisinsk behandling.
• redusere skjemaveldet i helse- og omsorgssektoren: Meir
behandling, mindre byråkrati.

Ingen kommentarer: