Eg er litt sliten, og ganske fornøgd med meg sjøl;) Eg har for fyrste gong vore på leirskule! Kvart år reiser 6.klassene frå kommunen til Dombås på leirskule, og det brukar å kome mange stolte og slitne born og vaksne heim etter ei veke i snøen. Det kjem til å skje denne gongen også.
Eg måtte heim i dag, for i morgon "må" eg i ei gravferd til ein svært hyggeleg og engasjert mann, som eg har delt kor med i ca 20 år, og vi har også arbeidd saman i Venstre.
Dei andre på leirskulen skal heim i morgon, men eg fekk med meg alle skiturane. Systrene mine hadde lite tru på at eg skulle på leirskule og gå på ski. To av systrene heldt på å flire seg skakke...
Sjå kor fint vi hadde det! Vi hadde med fleire born som aldri har gått på ski, men etter nokre dagar med trening gjekk dei laaangt i dag! Og i går:)
I går gjekk vi til ein liten dal der det var ei perfekt snøside til å grave snøholer i. Det var ein nydeleg dag, vi hadde skikkeleg påskestemning! Borna grov holer, saga ut snøblokker og lærte mykje i løpet av dagen.
Eg er sliten, og har litt vondt i beina. Armane har også fått mykje trening dei siste dagane. Eg reknar med at borna også er slitne, og dei ser sikkert fram til å kome heim til ei avslappande helg. Men born er fantastiske maskiner: Dei er slitne, kanskje litt sure, og syns det er langt å gå. Så får dei pause, et litt mat, drikk litt kakao eller anna som dei har valt å ta med, og vips - der er dei i gang med skileik og hopp og sprett. Vi vaksne er ikkje like kjapt klare til ny innsats....
Nokre av borna har ringt heim og klaga til mamma over harde tilstandar og strnge lærarar. Men eg ser at dei strenge leirskulelærarane faktisk får elevane til å yte langt meir enn dei sjølve trudde var mogleg. Og dei er så stolte etterpå!
Arne på leirskulen snakka mykje om den smittsame sjukdomen "vondt i viljen" i dag tidleg. Elevane forstod teikninga, og vi høyrde ikkje meir om vondt i hovud eller bein, eller kvalme etc. I staden såg vi blide elevar som rett og slett kosa seg på tur. Håper dei hugsar å fortelle det til foreldra når dei kjem heim. Det er ikkje så smart at foreldra trur at borna har hatt det gruuusomt, når eg har sett at dei har hatt det fint;)
1 kommentar:
Skileirskule for oss øybuarane er berre heilt topp! Eg har fått lov til å vere med klasser to gongar, og like stor oppleving var det begge gongane:)
Legg inn en kommentar