torsdag 28. juni 2012
Sommarmodus!
Eg er visst ikkje heilt i bloggemodus for tida. Det hjalp ikkje at pc-en min tok kvelden... Eg har ei stasjonær maskin, men den er såååå treg! I tillegg har eg gubben sin i-pad, som eg prøver meg på no.
Det er nesten ferie, og eg avspaserer nokre dagar innimellom. Hittil har eg sikta etter vermeldinga;) I dag har eg hatt fri, for det var nydeleg vêr! I morgon skal eg ta med eit par søte born frå Eritrea på barneteater, i alle fall om dei er friske... den eldste vart rett og slett skikkeleg forkjøla etter turen vi hadde i går, med vassing og leik i kaldt sunnmørssjøvatn. Jaja, slik kan det gå!
Medan eg sat ute i sola i dag høyrde eg radio, Lunsj. Herlig program, og eg lo så tårene trilla av skildringa av Frank, den tilfeldige turisten som vart smaksdommar i ei brasiliansk matkonkurranse. Det går an å lese den her, på engelsk. Frank som curry-dommar
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Ikke gøy med pc-er som tar kvelden nei. Men det er mye som stopper litt opp når man går inn i sommermodus, og slik skal det vel være også. Godt å gjøre noe helt annet og skru ned aktivitetsnivået noen hakk.
God sommer til deg og dine!
Legg inn en kommentar