tirsdag 5. juni 2012
Resteskjerf og lue
Ein skulle tru at eg ikkje vart inspirert til å strikke skjerf eller luer om sommaren. Men no er det vel ikkje akkurat sommarver ute... Det har rett nok vore litt opp og ned, men jammen har det vore kaldt og surt i det siste!
Så då vart det strikka ei lue, og eit skjerf. Skjerfet er restar av gensaren eg strikka, og kan vere greitt å ha som vedheng, sidan gensaren er veldig open i halsen.
Lua er strikka av siste rest av det lilla Plum-garnet, kombinert med noko anna lilla eg hadde liggande... Lua er stor, nesten for stor? Vi får sjå om nokon med behov kjem forbi:
mandag 4. juni 2012
Granateple i vinduskarmen
Dette er eg spent på!
Eg fekk ei bittelita blomsterpotte med nokre bittesmå planter i, frå ei hyggeleg dame. Ho hadde ikkje prøvd før, men delte villig ut til kjente på strikkekafe:)
Du ser at eg har pynta litt rundt med nokre av orkideane mine, men du ser kanskje også nokre grøne stilkar:) Eg reknar med at granateple er såpass varmekjære at sunnmørsk vår og sommar kan vere litt for kaldt. Så dei får stå inne, og så får vi berre sjå om dei klarer å bli store. Morsomt å prøve noko nytt!
søndag 3. juni 2012
Svigermors drøm;)
Eg må vise fram det nyaste tilskotet i familien! Medan eg var i Trondheim forrige helg, kom Musikanten heim ein tur, og for fyrste gong hadde han med seg Julia. Heldigvis var dei her eit par dagar etter at eg kom heim også!
Eg har ikkje heilt tenkt å titulere meg som svigermor, men det nærmar seg vel definisjonen?? Hmm, eg syns det høyrest gammalt ut.... Men samtidig er det heilt ok å vere svigermor til ei så søt jente! Perfekt:)
Her er nokre bilete frå Lundeura på Runde, der gjengen fekk sjå store mengder lundefugl på veg inn for natta.
Eg har ikkje vist bilete frå helga før heller, det har ikkje vore tid til å styre så mykje med blogging. Men her kjem eit utsnitt av ei fin helg på Skei, inkludert besøk i Fjærland. Kan absolutt anbefalast! Det var koseleg å vandre i bokbyen Fjærland, der det er antikvariat i annakvart hus:)
torsdag 31. mai 2012
Oppdatering, kanskje?
Hei! Det er visst ikkje så ofte eg er innom og oppdaterer. Men det er jo fordi det skjer så mykje IRL.
Forrige innlegg avslutta eg med å fortelle at kronprinsparet skulle kome på besøk dagen etter. Det vart ein kjempedag! Eg var svært stolt av Musikanten min, som spelte nydeleg på trompet, heilt åleine på scena. I tillegg var begge jentene med, den eldste med skulen, den yngste saman med dei eldste i barnehagen. Det var rett og slett ei fin stund.
Bildeserie i Vikebladet.
Etter at eg hadde fått av bunaden og rydda vekk bunadsølvet, måtte eg pakke for kortur til Trondheim. For rett etter jobb fredag gjekk vi i Hareid kammerkor ombord i ferja, og på andre sida stod bussen klar og venta. Det er kos å køyre buss ilag med andre, og dei tre yngste damene i koret sat heilt bak i bussen og strikka mesteparten av vegen:) Kjekt!
Trondheim er ein fin by, heldigvis hadde vi sol og varme:) Den store streiken i kommune og stat var ganske ny enno, så det var ikkje mykje søppel å sjå heller. Det vart verre etter at vi reiste...
Vi budde på Rica Nidelven, som fleire gongar har fått pris for Norges beste frukost. Det er nok med rette, for vi kosa oss med eit enormt utval og svært høg service. Trur at eg kjem tilbake, ja.
Hareid kammerkor song i gudstenesta i Nidarosdomen 1.pinsedag. Det var ei flott oppleving. Men det var kanskje enda flottare å synge i Vår Frue kirke søndag kveld. Det er fantastisk klang i slike gamle steinkirker!

Her er bilete frå Nidarosdomen etter gudstenesta, og under frå konserten om kvelden. Det var faktisk ein god del menneske der, og vi sette sjølvsagt stor pris på å ha publikum:) Ikkje alle var kjenningar heller...
Det var fint å reise heim att også. For Musikanten min kom heim medan eg var borte, og han hadde med kjærasten sin også. Det aller fyrste besøket hos "svigerforeldra" var sikkert skummelt. Men for ei flott jente! Både på utsida og innsida:) Jentene vart glade i henne med ein gong, det var tydeleg.
Håper du kjem att snart, Julia!!
onsdag 23. mai 2012
Bursdag igjen!
Tenke seg til, eg har blitt eit år eldre:)
Heilt greitt, alternativet er langt verre!! Faktisk tenker eg at det er litt "kokettering" å sukke og stønne over kor gammal ein har blitt. Det er klart at vi blir eldre, det er vel ein konsekvens av å leve?
Eg har hatt ein flott dag, i alle fall. Etter å ha venta lenge på vår, sol og varme, har det skjedd noko merkeleg her på Sunnmøre: Det er nesten full sommar! Det kom så brått at vi nesten ikkje forstod kva som skjedde. Den eine dagen gjekk borna med ullunderskjorter i barnehagen, den neste var det t-skjorte;)
Så i dag har vi hatt kaffigjestar på verandaen. Dei fekk servert mykje godt, utan at eg har gjort så mykje for å få det på plass. Heldig med mor og svigermor som tek med karamellpudding, riskrem og anna godt, og eg kjøpte ei marsipankake. Sjølvsagt burde eg ha laga til meir sjølv, men akkurat denne veka er det heilt fullt i timeplanen.
Sist helg var vi på hotelltur i Skei, Jølster. Det var ikkje nokon spesiell grunn til turen, anna enn at det er kjekt å få litt luftforandring. Jentene kosa seg inderleg i eit varmt basseng, og vi besøkte ein isbre og bremuseum i Fjærland. Flott!
I morgon kjem kronprinsparet til Hareid! Alle mine tre born skal vere med i program: Musikanten skal spele trompet åleine. Prinsessa skal synge ilag med 400 andre barneskuleelevar. Og Minstemor skal synge ilag med dei eldste barnehageborna. Min jobb blir å stille i bunad og hjelpe til med ei av klassene på skulen. Og så skal eg nok synge litt ilag med dei:)
Dette biletet har eg henta frå VG. Kanskje kan vi ta bilete av dei sjølv i morgon?

fredag 18. mai 2012
Varmepunkter i mai
Vi ventar på varmen. Enno har eg ikkje sett den. Men det går jo an å varme seg på litt strikk;)
Her er ei ny lue til gubben, og eit par tjukkesokkar til minstemor. Kjekt å ha.
Må vel bli litt varmare i lufta snart, men vi skal klare oss utan varme sommardagar også... Kanskje.
I dag pakkar vi bilen og reiser ein liten helgetur, litt tilfeldig endar vi i Jølster. Håper det blir ei fin helg, målet er berre å få luftforandring... Jentene gler seg til å bade på hotellet, og vi reknar med å leite opp ein isbre. Elles ingen planar:)
17.mai 2012
Det vart ein våt nasjonaldag i år også. Det er ganske vanleg... Men det var ikkje så mykje regn at vi var HEILT nødt til å bruke paraply medan vi gjekk i toget, berre nesten;)
Eg fekk lov til å vere med ilag med alle 2. og 3.klassingane ved Hareid skule, då dei song nasjonalsongpotpourri både på "friluftsfesten" (som vart flytta innandørs) og på folkefesten i hallen. Dei er så flinke! No har vi øvd ein heil del, det skal vi innrømme.
Og dagens opptreden er nesten som ei generalprøve å rekne, for om ei veke er det kronprinsbesøk her! Då skal alle elevane ved alle barneskulane synge det samme potpourriet. Eg har ikkje fintelt, men eg gjettar at vi snakkar om 400 born. Sjølvsagt er det ikkje alle som stiller på ettermiddagstid, men eg trur det blir bra trøkk likevel:)
Nokre glimt frå dagens tog:

Prinsessa bar fane for klassa eit stykke, og då vi kom til stadion var det leikar for små og litt større. Minstemor måtte ha ein smule hjelp for å gå på stylter, men det vart jo premie uansett:)
Heldigvis kunne vi gå inn i aulaen på ungdomsskulen og kjøpe is, kake, pølse og kaffi. Alt som høyrer med:)
Før vi gjekk ut i dag, såg vi forresten på barnetoget i Oslo, og leita etter Musikanten. Han dirigerer Vinderen Skoles musikkorps i år, så vi hadde ein rimeleg sjanse til å sjå han på veg forbi slottet. Vi klarte ikkje å sjå han, men vi får tru at han var der;)
torsdag 10. mai 2012
Sjal på tjukke pinnar
Det er snart 17.mai, og det er like kaldt som det brukar å vere... Så eg strikka eit supertjukt sjal som kan vere nøytralt nok til å vere over ein bunad, om det skulle bli behov for det.
Garnet er frå Nille, Naturgarn i 100 grams hesper. Eg kjøpte to, og sat att med 5 cm garn til slutt;) Oppskrifta har eg sikkert henta ein eller annan plass, men no har den berre flytta inn i hovudet mitt. Enkelt oppsummert: Pinne 12, start i nakken med 3 masker. Auk med eit kast på starten og slutten av kvar rette omgang, og på sidene av midtmasken. Strikk til du er lei, eller til det er slutt på tråden. Eller til handleddet seier at det er nok for i dag,)
onsdag 9. mai 2012
Tomt for energi?
Mandag kveld var vi på korøving igjen, og eg og systra mi var like sløve begge to. Alt var tungt og slitsomt, og i ei økt der mennene øvde på stemmene sine, sukka eg på facebook via mobil:
Meg: Kvar vart energien min av? Heilt-tomt.no
Systra mi, på stolen ved sida av, svara slik:
DK:Det va ikkje ej vertfall. Enda-meir-tom.com
Eg vart i godt humør då eg las kommentaren frå ein lærarkollega på skulen der vi øver:
MAH: Trur du miste den på ungdomsskulen i stad. Fann i alle fall noko som likna då eg gjekk. Du finn den på bordet på personalrommet.:-)
Eg tenkte ikkje så mykje meir over det, men då eg kom på jobb, fann eg denne:

Fantastisk! Tusen takk, Mardon!!
fredag 4. mai 2012
Sukk...
Eg må berre sutre litt. No har eg hatt vondt i handleddet igjen nokre dagar, og har brukt mykje tid på å ha lyst til å strikke... Så no har eg surfa istaden for å strikke, og funne så mykje lekkert som eg vil lage! Det er berre umogleg å gjere det når handa ikkje vil.
No har eg lyst til å gå laus på det eine prosjektet etter det andre, og har planen klar. Berre nokre dagar til med wordfeud og surfing, så....
Abonner på:
Innlegg (Atom)