tirsdag 12. mai 2009

17. mai-veske? Javel!

Det er ikkje greitt å ha urettferdigheit i familien. For nokre dagar sidan prøvde begge jentene på seg dei raude kåpene sine. Dei skal ha på seg kvit kjole 17.mai, og det er så bra å ha kåper utanpå, det gir litt varme på ein litt hustren nasjonaldag. Eldstejenta har ei kjøpt raud kåpe, medan minstemor har ei strikka raud kåpe, med tilhøyrande lue og ei lita veske. Det var denne veska som fanga merksemda til storesøster. Minstemor skal ha på seg veska så ho har ein lur plass til smokken. Men storesøster vil ha ei veske som ho kan ha leppestiften i... Ho har vel strengt tatt ikkje nokon leppestift som eg syns skal brukast på den store dagen, men ho kan ha russekort og litt pengar i veska!

Eg brukte litt garn frå lageret: Falk, med dobbelt garn.

Elles er det også ein raud knapp på veska no, den kom visst ikkje med på fotosession:)

4 kommentarer:

Frk. Chilli sa...

Så utrolig søt!!!! Viktig å ha det riktige tilbehøret:-)

Wenche/chawo sa...

Kjempefin veske .

nragnhild sa...

Denne var søt ja! :) Heldige jentene som har ei strikkemamma som ordnar! :)

cille sa...

Nyyydelig veske og herlig kake du har tryllet fram! Er det lov til å kopiere vesken din...Ha en flott 17 Mai!